Som så mange andre, satsa også kyrkja i Kvinnherad på ei digital feiring av 17. mai 2020. Denne gudstenesta er spelt inn på førehand i Eid kyrkje, Kvinnherad kyrkje, Husnes kyrkje og Valen kyrkje. Sokneprestane Jan Ove Totland og Kjersti B. Boge leier gudstenesta, og kantor Eva Megyesi er organist.