Dei to niåringane Ana og Petrikke frå Herøysundet skal eta minst seks millionar is 17. mai.
Dei er eigentleg ferdig med det kjekkaste denne dagen, dei to niåringane, nemleg 17.mai-toget.
– Å gå i 17.mai-tog er veldig gøy. Då syng vi og får snakka med folk, fortel dei to blide ni-åringane.
Då vi møter dei har dei ein liten kvilepause på dissene nedanfor skulen i bygda. Der skal dei ikkje vera lenge, dei må berre bli ferdig med dagens første is.
– Vi må jo prøva leikene. Den med sånne hjul som spinn rundt, lykkehjul heiter det, og sånne vi kastar på, er det kjekkaste, seier dei to.
Smell
Begge var tidleg vaken denne dagen.
– Eg høyrde saluttane både i Herøysundet og Uskedalen, forklarar Anna, som var oppe lenge før saluttane gjekk av.
– Pappa sa til meg det kom smell, men eg vakna ikkje av dei, seier Petrikke.
No har dei ikkje meir tid, det er tid for ny is. Minst seks millionar skal ned i løpet av dagen, skal vi tru dei.
Del bildene dine
Har du eit bilde du vil dela med oss frå 17. mai send gjerne til oss, det blir vi glade for. Du kan senda bilder til [email protected].