Gå til sidens hovedinnhold

20 prosent auke i overnattingar

Artikkelen er over 2 år gammel

Den kommunale turistinformasjonen melder om 20 prosent auke i hotellovernattingar i Kvinnherad i 2018, samanlikna med året før.

Av dei 19.000 hotellovernattingane i fjor, var 7,5 prosent gjennomført av utlendingar. Dette talet er nærast ei dobling frå året før (frå 818 til 1.413).

Hyttemarknaden var meir stabil med 13.200 overnattingar i 2018, mot 13.463 året før.

Tala er å finna på statistikknett.no.

Kommentarer til denne saken