Cantus Firmus ynskjer velkommen til konsert fredag kveld 30. oktober i Kvinnherad kyrkje, melder Solfrid Hellesøy Siqveland i koret i ei pressemelding.

Dette er Allehelgensdag-helga, og musikk og song er samla rundt dette. Koret skal framføra Gabriel Faurè sitt Requiem i D moll, komponert mellom 1887 og 1890.

Eva Megyesi er organist, Kari Eide og Alida Nesheim er med på fiolin. Rebekka Attramadal er dirigent. Kor og musikarar er samla bak på galleriet i kyrkja. Det vil gjera at ein høyrer verket meir enn ein ser kor og musikarar.

Konserten startar med solostykke på orgel av Franz Liszt som heiter "Requiem aeternam". Det vil også bli ein introduksjon om Gabriel Faurè sitt Requiem. Requiem står i den kyrkjelege tradisjon for Messe for dei døde, med både alvor og håp.

Søndagen er det Allehelgensdag-gudsteneste, også kalla Helgemesse. Der er alle som har følgd nokon av sine til grava sidan sist allehelgensdag særskild invitert.

På grunn av smittevernreglar og eventuell sporing av smitte i etterkant, vil alle besøkande til konserten bli skrivne opp. Ein kan bli skriven opp frå og med ein time før konserten, og namna vert lagra i to veker. Sjølve konserten er gratis, men det er mogeleg å gje ei gåve til Cantus Firmus sitt arbeid ved utgangen.

Konserten er eit samarbeid mellom Cantus Firmus og Kvinnherad Sokneråd, skriv Hellesøy Siqveland, og ønskjer publikum hjarteleg velkomen.