Allereie ein time før start var det blitt trongt om parkeringa, og då Johannes Eide ynskja velkomen klokka 13, var det folk på alle dei 200 sitjeplassane, i tillegg til fleire titals tilskodarar som sto rundt på plassen.
Eide overlet ordet til konferansier Silvia Tofte, som leia arrangementet gjennom diktlesing ved Bjørg Brækhus og Ingrid Hillestad, tale for dagen ved styreleiar for senteret Per Ove Kviteberg, høgtlesing frå "Terje Vigen" ved Gerhard Eide, og musikalsk innslag frå Høyåker Musikkorps.
Mykje applaus fekk òg Halsnøy Shantykor som song saman for første gong på over 30 år, og skal ein tru konferansieren etter berre to øvingar.
Til slutt fekk Johannes Eide og barnebarnet Maria Eide Høgenæs æra av å klyppe snora til stor jubel, og dei vel 300 frammøtte kunne trø inn i museet eller kose seg med kaffi og kake.
Styreleiar Per Ove Kviteberg anslår at det har gått med mangfaldige hundre dugnadstimar berre dei siste vekene, og skraut uhemma av dei friviljuge som har delteke på prosjektet.
Både han og Eide, som begge måtte finne seg i gratulasjonar, handtrykk og bilete i løpet av laurdagen, var særs nøgde med arrangementet og oppmøtet.
Etter snorklyppet var det ein letta Eide som sto ved døra og tok i mot helsingar, han kunne fortelje at det var utruleg godt å sjå ideen han hadde hatt i hovudet i så mange år realisert i dei gamle butikklokala.