Som kjent blei det onsdag registrert to nye tilfelle av covid-19 i Kvinnherad. Kommuneoverlege Glenn André Opland seier til Kvinnheringen torsdag at smittesporing går føre seg, og at det i tilfellet som blei meldt først onsdag er eit meir omfattande arbeid enn i det andre tilfellet som blei meldt onsdag kveld.

– Totalt 40 personar er no i karantene på grunn av dei to tilfella, seier Opland.

Han opplyser vidare at personar med nærkontakt testar seg torsdag.

– Har de noko aning om kor desse personane kan ha blitt smitta?

– I det eine tilfellet veit vi ikkje, men i det andre meiner vi det skuldast opphald i eit område med høgare smittetrykk, seier kommuneoverlegen vidare.

Nye innstrammingar

På spørsmål om kva aldersgruppe smitten er registrert i, svarar Opland at det er i begge endar av skalaen:

– Éin yngre person og éin eldre. Ikkje veldig gamal, men vaksen.

– Forventar du no ein auke i tal koronasmitta i Kvinnherad?

– Eg håpar jo ikkje det, men det kan godt vera at det blir fleire no.

Regjeringa har varsla nye, nasjonale innstrammingar som følge av den kraftige smitteauken over heile landet. Vi spurde Opland om kva tiltak han trur vi kan venta oss.

– Skal eg spekulera trur eg det kan bli nye avgrensingar knytt til gjestearbeidarar med tanke på karantene og slikt, og at kanskje fleire land blir omtala. Så trur eg det blir strengare restriksjonar for å møta kvarandre i både privat og offentleg regi, seier kommuneoverlegen.

Regjeringa har varsla pressekonferanse om dei nye tiltaka ved lunsjtider torsdag.