450 personar er samla på KVV kvar dag: Førebur alternativ undervisning

Mange tiltak: Rektor ved KVV, Audun Bjelland, fortel at skulen har sett mange smittereduserande tiltak i sving.

Mange tiltak: Rektor ved KVV, Audun Bjelland, fortel at skulen har sett mange smittereduserande tiltak i sving.

I tillegg til mange ekstra hygienetiltak førebur KVV alternative undervisningsopplegg om skulen må stengja.

DEL

OPPDATERT: Torsdag like før klokka 12 skriv Sunnhordland og andre at alle vidaregåande skular i Vestland stenger frå og med fredag 13. mars. Skulane blir stengde i to veker, ifølgje ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.

Rektor Audun Bjelland fortel at KVV sjølvsagt følgjer alle tilrådingane skulen får via skuleeigar Vestland fylke. Samstundes kjem det også lokale råd frå kommunelegen.

– Fylket har meldingsordningar som går ut til alle elevar og tilsette. Vidare har vi ekstra fokus på handhygiene, samt ekstra vasking – fleire gonger dagleg – av toalett, dørhandtak og mykje brukte område, fortel Bjelland.

Skulen prøver elles å informera tilsette, elevar og foreldre så godt ein kan gjennom lokale kanalar som heimeside, It's learning, Facebook-side, Snapchat, informasjonstavler og anna. Med 390 elevar og rundt 60 tilsette er KVV kanskje den største møteplassen i kommunen. Og dei som samlast på skulen kvar dag, kjem frå eit stort geografisk område.

– Det viktigaste tiltaket så langt er søkjelyset på handhygiene blant elevar og personell. I tillegg legg vi vekt på sakleg og konkret informasjon. I slike tider oppstår det fort rykte i sosiale medium, og då er det viktig å få fram det vi veit, og ikkje slikt som ein berre trur.

Bjelland fortel at skulen kjøpte inn ein del spritdispenserstasjonar i samband med svineinfluensaen, men nokre av dei har gått sund så skulen har bestilt fleire.

– Vi legg vekt på handvask med såpe og vatn.

– Har de elevar eller tilsette i karantene?

– Per i dag (onsdag ettermiddag, red. anm.) har vi to lærarar som er heime og avventar sjekk. Dei har ikkje vore på reis – dette er knytt til smittesituasjonen i Kvinnherad. Truleg får vi tilbakemelding i løpet av eit døgn om kor vidt dei må i karantene eller ikkje, fortel Bjelland.

Skulen rapporterer kvar dag til Vestland fylke for å oppdatera om smittesituasjonen, reinhald og elles om korleis stemninga er ved skulen.

Førebur stenging

– No er vi ein fase der det meste av reiseaktivitetar, større personalsamlingar og kursing er avlyste. Skulane er òg rådde til å unngå større samlingar for elevane, til dømes vil vi ikkje samla 130 elevar i auditoriet, eller laga til andre arrangement med mange elevar.

Eit knippe nøkkelpersonar innan IKT og leiing jobbar no med å førebu ei digital plattform som fylket har sett opp for å kunna driva fjernundervisning.

– Det blir altså eit alternativ om ein må stengja skulen?

– Ja, og dette kan vi òg bruka før det eventuelt skjer, dersom einskildelevar er i karantene, forklarar Bjelland.

Fjernundervisning blir sjølvsagt ikkje like bra som vanleg skule, men langt betre enn inga undervisning.

– Det kan fungera bra for teoretiske fag som baserer seg mykje på bokleg kunnskap. For dei meir praktiske faga, der det også handlar om spikarpistolar og dreiebenkar, blir det sjølvsagt annleis. Det blir utfordrande, men vi ser på dei ulike kompetansemåla ein kan jobba med på denne måten dersom skulen til dømes blir stengd fjorten dagar, seier Bjelland.

Onsdag gjekk skulen elles ut med informasjon om at skulefrukosten blir lagt om for redusera smitterisikoen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags