Sju stolte plakettmottakarar

Desse sju ungdommane mottok plakett for å ha vore med i Lauvsprett 4H i åtte år. Fremst: Eivind Haavik og Andreas Hjelmeland. Bak f.v. Eivind Bjørnebøle, Amund Hjelmeland,Vilde Grøtte, Thomas R. Guddal,  og Henrik Lande.

Desse sju ungdommane mottok plakett for å ha vore med i Lauvsprett 4H i åtte år. Fremst: Eivind Haavik og Andreas Hjelmeland. Bak f.v. Eivind Bjørnebøle, Amund Hjelmeland,Vilde Grøtte, Thomas R. Guddal, og Henrik Lande.

Artikkelen er over 5 år gammel

Det var stor stemning i Dalheim då Lauvspretten 4H arrangerte sin årlege haustfest. Sju av medlemene fekk tildelt plaketten for å ha fullført heile 4H-programmet gjennom åtte år.

DEL

Sju plakettmottakarar som no kan feira at dei har fullført heile programmet til 4H, skal vera rekord, vert det hevda. Dei sju ungdomane fekk mykje ros for å ha vore ei flott gruppe og førebilde for dei yngre medlemene.

Det var stor stemning under haustfesten på fredag, der 4H-medlemene stod for variert underhaldning frå scena og bygdekvinnelaget sytte for mat på bordet. Lauvspretten 4H er blitt ein institusjon i Omvikdalen, og haustfesten er populær og bind bygda saman.

- Ein 4H ar lovar å arbeida mot målet om å bli ein ungdom med klart hovud, varmt hjarta, flinke hender og god helse, står det i føremålspargrafen til 4H.

At det er mange flinke hender fekk vi godt dokumentert på utstillinga der ungdomane presenterte resultatet av oppgåvene dei har jobba med det siste året. Her var det eit breitt spekter av tema som til dømes handarbeid, skyting, baking, handball, fisking, foto og mykje meir.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken