508 dagar er gått sidan sist, og kapteinen kunne ikkje gjort det på eit betre tidspunkt
Trio-kaptein Eivind Tufta Saghaug scora sitt førre mål for Trio i lokaloppgjeret mot Halsnøy 26. april 2022. I same kamp måtte han av med brot i foten. No er han tilbake for alvor, og i det 96. minutt mot Osterøy heime på Husnes Stadion laurdag, blei kapteinen den store helten då han ordna 2–2 for vertane med eit flott frispark. Video: Kristine Røyrvik
Etter eit skademareritt av dei sjeldne, viste Trio-kaptein Eivind Tufta Saghaug at han er tilbake for fullt i det viktige oppgjeret mot Osterøy laurdag.