Ung, men erfaren trio tar over 5460

OVERTAR DRIFTA: Frå venstre Kaja Iren Heggøy, Emma Lie Jacobsen og Mathilde Mikkelsen. I bakgrunnen Karoline Helleland og Ronny Hamre.

OVERTAR DRIFTA: Frå venstre Kaja Iren Heggøy, Emma Lie Jacobsen og Mathilde Mikkelsen. I bakgrunnen Karoline Helleland og Ronny Hamre.

Artikkelen er over 1 år gammel

Frå årsskiftet er det tre unge jenter som tar over drifta av uteplassen 5460 på Husnes.

DEL

Dei tre har alle fire-fem års fartstid frå 5460, og etter årsskiftet skal dei skal dei også ta seg av drifta av utestaden. Karoline Helleland (dagleg leiar) og Ronny Hamre (booking-ansvarleg) gir seg etter seks års drift, og gler seg over at det er tre stødige 5460-folk som tar over: Kaja Iren Heggøy (21) frå Husnes blir ny dagleg leiar, og med på laget er Sunde-jentene Mathilde Mikkelsen (21) og Emma Lie Jacobsen.

5460 opna første i november 2012. Hamre og Helleland legg ikkje skjul på at det ligg mykje dugnad og idealisme bak drifta.

– Det har vore tøft og stort sett gått akkurat rundt. Men dei siste månadane, særleg etter at arbeidet med Opsangervegen var ferdig, har besøkstala svinga seg litt opp, fortel Hamre og Helleland.

Jobbing helg etter helg, i tillegg til vanlege jobbar, tar naturleg nok på. No var sambuarane Karoline Helleland og Ronny Hamre – som faktisk møtte kvarandre på 5460 – klar for litt helgefri.

– Alternativet var å leggja ned drifta, men heldigvis var Kaja Iren, Mathilde og Emma lystne på å ta over, smiler Helleland og Hamre.

Det er mindre enn ei veke sidan dei tre tøffe jentene fekk vita at 5460 stod i fare for å bli nedlagd, så dei bestemte seg raskt. Og når eigarane i tillegg fekk til ein ny og betre leige-avtale med Storsenter-eigarane, er det med på å gi eit betre grunnlag for vidare liv for og på 5460.

– Vi vil at det framleis skal vera eit tilbod her. Vi har eit kjekt og sosialt arbeidsmiljø, og vi har mellom anna planar om å utvida målgruppa reint aldersmessig, seier Mathilde Mikkelsen.

5460 er kjent som ungdoms-uteplassen. Det skal den framleis vera, men jentene fortel at dei også vil arrangera pubkveldar for alle aldrar.

På nyåret ein gong blir det eit opningsarrangement i regi av dei nye drivarane. Opningsfesten er ikkje planlagt enno, sidan det berre er nokre dagar sidan jentene bestemte seg for å ta over drifta.

– Opningsfesten kjem vi tilbake til – vi har ein del idear både til opninga og drifta elles. Uansett kan vi lova meir blest via sosiale medium, smiler dei tre jentene som også må gjennom litt kursing og opplæring før dei er klare til start.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags