Drivarane av 5460 vil lokka fleire ut med spenstig haust-program

ALLE SKAL MED: Dei unge drivarane av uteplassen 5460 vil dra endå fleire ut, med eit haustprogram dei håpar fell i smak hos folk i alle aldrar. Her ser du to av dei, Kaja Iren Heggøy (21) og Emma Lie Jacobsen (19).

ALLE SKAL MED: Dei unge drivarane av uteplassen 5460 vil dra endå fleire ut, med eit haustprogram dei håpar fell i smak hos folk i alle aldrar. Her ser du to av dei, Kaja Iren Heggøy (21) og Emma Lie Jacobsen (19).

Sidan januar har Kaja Iren Heggøy (21), Emma Lie Jacobsen (19) og Mathilde Mikkelsen (22) halde koken på utestaden 5460. Aldri før har dei hatt så mykje ansvar, og med eit fullspekka haustprogram er det nok for dei tre å henga fingrane i.

DEL

I snitt har dei tre jentene fem års erfaring frå utelivsbransjen. Frå helgejobb i garderoben har dei jobba seg oppover, og i januar tok dei like så greitt over heile drifta av uteplassen 5460 på Husnes.

Då Kvinnheringen møtte dei på eit stille dansegolv på dagtid, var det berre to av jentene som kunne stilla. For i tillegg til å drifta ein vellukka nattklubb, har dei alle tre enten jobb eller studiar ved sida av.

Mathilde Mikkelsen er på ei av dei andre jobbane sine denne ettermiddagen, men Kvinnheringen møter Kaja Irene og Emma på 5460 for å høyre korleis det går:

– Det blir fort travelt, smiler dei to jentene, som til saman har tre jobbar og eit studie utanom å driva nattklubben.

– Det har vore veldig kjekt å samarbeida om drifta, men vi kunne nok aldri ha førestilt oss arbeidsmengda det ville følgja med å drifta 5460. Dei gongene vi har temafestar eller andre arrangement, går kvar dag i veka med til førebuing. Då er det pynting og styring, fortel Emma.

Men innsatsen dei tre jentene legg i nattklubben har vist gode resultat, og på reknearket er det grøne tal:

– Drifta går i pluss, og det håpar vi jo kan fortsetja, smiler Kaja Iren.

Grunnen, trur jentene, er at dei er opptatt av å gje kundane det dei vil ha, samstundes som dei ønsker at alle skal føla seg velkomne på 5460.

Denne helga køyrer dei i gong med «Hawaii-party», og lokalet er alt pynta med palmar og blomar. Litt hjelp har dei fått, og medhjelparen deira Oddbjørn Kloster har vore kreativ, og laga store, dekorative palmar ut av røyr.

Han har òg stått for «bookinga» til haustens program, og sjølv om sommaren er travle tider for alle som driv i utelivsbransjen, blir det nok ikkje rolegare på dei tre hardtarbeidande jentene utover hausten.

Då er nemleg programmet fullspekka av kjente og litt mindre kjente fjes. Og når ein tar ein ekstra kikk på oppsettet, kan ein sjå tendensar som nokon vil seia kanskje ikkje er heilt typisk for 5460.

På haustprogrammet finn ein namn som blant anna Jan Eggum, komikaren Per Inge Torkelsen og løgnasen Kjell «Kjellen» Bigset, noko som er i stor kontrast til artistar og DJ'ar som tidlegare har vanka på scena deira.

Men når vi spør om målgruppa deira er i endring, er svaret enkelt:

– Heilt sidan vi tok over drifta har målet vore å dra dei eldre ut, men at det ikkje skal måtta gå ut over dei yngre sitt tilbod, fortel jentene, og held fram:

– Det har jo vore ei generell oppfatning at 5460 er ein stad for dei yngste som går ut. Det vil vi veldig gjerne snu. Her skal vi ha noko for alle, og det jobbar vi for heile tida. Vi vil finna arrangement som treff alle aldersgrupper, og la dei vaksne òg føla seg heime her!

Full rulle

I tillegg til dei vanlege diskotek-kveldane og spennande arrangementa, skal jentene legge hovuda i kok for å komma på kjekke og varierte temakveldar:

– Vi er veldig glade i tema-kveldar, som for eksempel Hawaii-partyet som vi skal ha til helga. Då får vi gjera litt ekstra ut av det, smiler Emma.

Men at det er vanskeleg å fornya seg, kan jentene skriva under på:

– Vi har jo vore i bransjen i fleire år, og har sett det aller meste, derfor er vi veldig glade når vi får idear frå gjestene våre. Og om vi får gode innspel, så prøver vi å gjera det vi kan for at bygda skal få det dei vil ha.

Og éi helg i månaden inviterer dei kunnskapstørste gjester til quizkveld:

– Det er eit veldig populært tilbod, og det blir som oftast fullteikna, konstaterer Kaja Iren.

Og med eit travelt haustprogram, som bognar av tilbod for både dei yngre og eldre, er det stort håp om at jentene kan fortsetta den gode drifta, med reknearket som er prega av pluss og grøne tal.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags