No kan frivillige organisasjonar, kommunale selskap og bedrifter søke om pengar til prosjekt mot marin forsøpling.

I fjor gav Miljødirektoratet tilskot til 69 ulike prosjekt.

– Prosjekta i fjor har til saman gjort ein tydeleg forskjell for miljøet. Eg håper at vi også i år får inn mange gode søknader, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro, i ei pressemelding.

Dei siste åra har marin forsøpling verkeleg vorte sett på dagsordenen. Ifølgje Miljødirektoratet er det ein av dei store miljøutfordringane vi har, og det ser ut til å bli meir og meir. Avfallet utgjer stor risiko for dyre- og fugleliv, og er kvart år ein betydeleg kostnad for samfunnet, skriv direktoratet i pressemeldinga.

Støtteordninga prioriterer støtte til rydding i strandsone og på havbotnen, og har søknadsfrist 7. februar.

(NPK)