Gå til sidens hovedinnhold

Inviterer til eit stille, men sterkt arrangement på kvinnedagen

Artikkelen er over 3 år gammel

– I år blir det ei meir avslappa markering av kvinnedagen enn det som har vore vanleg dei siste åra. Dei viktige stikkorda er likevel kvinnefellesskap og kvinnesolidaritet, fortel lagsleiar i Omvikdalen Bygdekvinnelag, Grethe Brundtland.

Tilflyttarkvinner er spesielt velkomne til å delta i arrangementet, som startar med oppmøte ved ungdomshuset Dalheim i kveldinga. Gode sko kan vera greitt å ha på seg, for no følgjer ein gåtur rundt den øvre delen av dalen og tilbake igjen til ungdomshuset. Parolar blir det ingen av, men Brundtland håpar at «toget» likevel blir godt synleg og ei tydeleg markering av den internasjonale kvinnedagen.

Når marsjen er unnagjort, blir det appell av Hilde Lande Eikeland inne i ungdomshuset. Her blir det klar tale ut frå eit kvinneperspektiv. Enkel servering blir det òg.

– Dessutan blir det god til til å prata saman, og det er ikkje minst viktig, seier Brundtland.

– Kven er velkomne til å delta?

– Vi tenkjer mest på kvinner – frå alle bygder og land, men menn er sjølvsagt òg velkomne til å vera med oss, om nokon skulle ønskja det, helsar Grethe Brundtland.

Les også

8. mars 2018: Blir kvinnehelsa nedprioritert igjen?

Kommentarer til denne saken