– Det er jo ei utfordring kvart år å få nok vaksne til å delta og organisera aktivitetar og idrettstilbod for barn og ungdom. Vi skulle gjerne ha sett at fleire engasjerte seg.
Det fortel Prestnes til Kvinnheringen fredag. Han var ikkje då kjend med kurset «Barneidrettstrenaren» som Kvinnherad idrettsråd skipar til i Kvinnherad Arena neste år, men tvilar ikkje på at tiltaket har høg verdi for idrettslaga lokalt.
– Eg kjenner Richard (Erlandsen, leiar i Kvinnherad idrettsråd, journ. mrk.) godt, så dette må vera eit godt opplegg. Det er heilt sikkert eit godt tiltak som eg håpar at mange foreldre vil ta del i.
Til Kvinnheringen torsdag fortalde Erlandsen at han håpar «Barneidrettstrenaren» kan fungera som eit rekrutteringstiltak for idrettslaga i kommunen, ettersom det generelt er ein mangel på frivillige trenarar over heile fjøla. Han oppmoda derfor idrettslaga til å vera på ballen og motivera foreldre til å delta.

Skipar til trenarkurs i arenaen: – Håpar dette kan senka terskelen
Vil gå breitt ut
Erlandsen si oppmoding verkar til å gå rett heim hos Prestnes.
– Dette med rekruttering av trenarar er jamt over noko dei fleste gruppene hos oss kunne ønska seg. Å få dette tiltaket i Kvinnherad Arena er veldig flott, og noko Trio vil støtta fullt opp om, seier Prestnes, og legg til:
– Vi vil gå breitt ut til alle gruppene i Trio, og be dei sjå an behovet og rekruttera i sitt nedslagsfelt foreldre og andre som kan vera interesserte i å delta på kurset.
Prestnes er einig i det Erlandsen har uttala, om at det i barneidretten ikkje er høg fagleg kompetanse knytt til den aktuelle idrettegreina som er det viktigaste.
– Berre nærvær, det at vaksne er til stades for dei aller minste – og for så vidt for ungdom – er i seg sjølv ein verdi. Ein treng ikkje å vera utdanna trenar. Dette er sosiale aktivitetar, nærvær og engasjement er viktig, det gir barna og ungdom veldig mykje.
Turngruppa i IL Trio er kanskje særleg aktuell i høve «Barneidrettstrenaren» og sjansen kurset representerer med tanke på rekruttering.
– Her har vi nokre driftige damer som har stått på i mange år, og dei har spesielt vore ute etter å få fleire til å engasjera seg. Eg trur nok at hadde dei hatt fleire med seg, kunne fleire barn hatt eit betre tilbod. Når det gjeld turn i Trio håpar vi på at engasjementet også vil veksa med Kvinnherad Arena og eigen turnhall. Det er ikkje som før, der ein måtte bruka halve treningstida på å henta fram utstyr. No er det der, topp moderne utstyr i ein 750 kvadratmeter stor hall, fortel Prestnes.
– Det håpar vi vil engasjera folk framover.
Jonathan V. Byrkjenes, dagleg leiar i Rosendal Turnlag, var fredag ettermiddag ikkje tilgjengeleg for ein kommentar til denne saka.