– Å henta inn ein slik pris er med på å setja Kvinnherad på kartet

Kvinnheringen-jubel under prisutdelinga. F.v. Håvard Røyrvik, Tomas Bruvik, Thoko Sithole, Merete Lillesand, Mona Grønningen og Vidar Håland.

Kvinnheringen-jubel under prisutdelinga. F.v. Håvard Røyrvik, Tomas Bruvik, Thoko Sithole, Merete Lillesand, Mona Grønningen og Vidar Håland. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Kvinnheringen stakk for første gong av med den gjæve prisen «Årets lokalavis» under landsmøtet til Landslaget for lokalaviser i Drammen førre helg. Som om ikkje det var nok, fekk også avisa tre andre prisar.

DEL

Over 200 avismedarbeidarar var samla på landsmøtet i Drammen i helga, og blant dei sat ein spent gjeng frå Kvinnheringen. Jubelen stod i taket då det blei avslørt kven som vann prisen for årets lokalavis – den gjævaste prisen av dei alle. Redaktør Mona Grønningen fortel at denne prisen er noko Kvinnheringen har ønskt seg lenge:

– Endeleg blei den vår! Det er utruleg stas, og veldig motiverande for oss å få denne typen anerkjenning. I tillegg er vi sjølvsagt veldig glade for dei tre andre prisane òg – saman viser dei at vi både klarer å vera jamt gode, men òg at ulike sprell og viktige prosjekt vi gjer blir lagde merke til.

Grønningen peikar vidare på at prisen gjenspeglar eit godt samarbeid internt:

– Samarbeidet er svært godt på heile avishuset, og alle tilsette speler ei viktig rolle når vi skal laga eit best mogleg produkt både for lesarar og annonsørar.

På kartet

– Å henta inn ein slik pris er med på å setja Kvinnherad på kartet, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

Slettebø meiner at lokalavisa har ein samlande funksjon for innbyggjarane:

– Sjølv er eg heilt avhengig av Kvinnheringen, for avisa er med på å setja saker på dagsorden – positive så vel som negative. Noko eit lokalsamfunn er heilt avhengig av.

– Synest du Kvinnheringen skil seg ut frå andre lokalaviser?

– Ja, så absolutt, noko som blir underbygd av alle prisane avisa har motteke opp gjennom åra. Kvinnheringen er veldig flinke på design og utforming, noko som blir lagt merke til. Vidare er dei flink på å til å laga grundig, noko gravesaka om Folgefonnsenteret er eit bevis på. Samstundes tar dei for seg tema og saker som rammar og påverkar innbyggjarane i lokalsamfunnet vårt – til dømes avisa som omhandla alle trafikkulukkene i kommunen.

Innovative og uredde

– Det er viktig å ha ei avis med lokal forankring som kan vera konstruktiv og kritisk i ulike saker. Kvinnheringen tar tak i og formidlar kva som skjer, noko som er svært positivt for innbyggjarane og alle bedriftene i kommunen. Kvinnheringen har vist seg å vera uredd og framoverlent, og den kompetansen avisa sit med i marknadsavdelinga er noko kundar kan dra stor nytte av, seier Kristine Røyrvik, prosjektleiar ved Kvinnherad Næringsservice.

Ein av kundane til avisa er Husnes Storsenter:

– Mange kjøpesenter har ei eiga marknadsavdeling, men vi brukar marknadsavdelinga til Kvinnheringen. Samarbeidet er heilt unikt for oss, og vi sparer eit ledd på grunn av dyktige tilsette i Kvinnheringen, seier senterleiar Geir Jakobsen.

Noko av det han likar ved Kvinnheringen, er den innovative karakteren til avisa.

– Kvinnheringen er uredd og finn stadig på nye ting, noko eg har veldig sansen for. Så det kom ikkje som noko overrasking at Kvinnheringen vann. Dei har utmerkt seg i fleire år, og prisen er vel fortent, avsluttar han.

Fungerande redaktør Grønningen vil dela prisen med alle i lokalsamfunnet og dei som elles har Kvinnheringen som si avis:

– Tusen takk for støtta de gir oss!


Her kan du lesa meir om juryane sine grunngjevingar for dei ulike prisane Kvinnheringen fekk i helga:

Årets lokalavis 2018:

Det er grunnleggjande god journalistikk som ligg i botnen hos Kvinnheringen, men avisa leikar seg på toppen. Avisa vel ut gode saker, har tydelege prioriteringar og er ikkje redde for å gje seg i kast med vanskelege og store tema. I ei tid der nokre skuldar lokalavisene for å lage tannlaus journalistikk, syner Kvinnheringen at det motsette er mogeleg.

Kvinnheringen skil seg også positivt ut visuelt. Avisa lagar nyhende med spanande og lekker grafisk formgjeving. Avisa er flink til å bruke malar som ein grunnmur, men er ikkje redde for å vere kreative og flytte seg vekk frå dei.

Avisa er betre på nett enn dei andre finalistane. Kvinnheringen veks digitalt, men også dei har litt å gå på for å nytte mogelegheitene på nettet. Samtidig har dei det siste året frigjort tid til å eksperimentere og mellom anna laga ein digital og lokal realityserie – som gav avisa 160 nye digitale abonnentar. Også på andre måtar har juryen lagt merke til at medarbeidarane i avisa drar lasset saman. Dei gjer også eit framifrå marknads- og salsarbeid. Kvinnheringen er flink til å byggje relasjonar i lokalmiljøet og avisa er gode både på lim og lupe.

Kvinnheringen er utvilsamt Årets lokalavis!

Årets lokalavis-side 2018:

Denne avisforsida har ei unik tilnærming ved bruk av typografi. Dette, samt bruken av kontrastfargar, skapar eit spennande blikkfang. Samtidig som at dette er ei sak tydeleg retta mot lokalsamfunnet, og er eit godt dlme på korleis dette kan gjerast på ein interessant måte.

Journalistprisen 2018, heiderleg omtale:

«Vi har ingen fleire å mista», skreiv Kvinnheringen på førstesida 2. februar i fjor, og lista opp alle 14. Redaksjonen ville ikkje lenger vera den som omtala alle ulukkene enkeltvis og så gjekk vidare til andre nyhendessaker. Dei ville bidra til førebyggjande arbeid.

Over 24 sider denne dagen fortel Kvinnheringen om opprivande bilulukker, om ungdom og råkøyring, om sorg og sakn – og om korleis ein kan få bukt med ulukkene. Vinklingane er skarpe, historiene er sterke. Vi i juryen kjenner på den same fortvilinga som dei som er intervjua; dei som sit igjen, dei som overlevde, dei som er skadde for livet, og dei som jobbar med dette kvar dag. Eit mykje omtala tema, eit like fortvila problem (...)

Vi denne juryen synest de fortener heiderleg omtale for måten de løyste samfunnsoppdraget på denne dagen.

Årets digitale satsing 2018, heiderleg omtale:

Avisa har gjennom fleire typar nytt innhald opplevd auke av den digitale omsetnaden og fått fleire betalande abonnentar. Video og livestream har vore sentrale element i avisa si digitale satsing i 2018. Gjennom ein engasjerande videoserie på 24 episodar har avisa løfta fram menneske frå ulike stadar i kommunen. Samtidig har innhaldsmarknadsføring, både på nett og papir, ført til ei berekraftig utvikling som kan bidra til å finansiera den viktige lokaljournalistikken i åra som kjem.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken