Fekk Arvid på nett

Kvinnheringen-abonnent Arvid Solbakken fekk instruksjon av redaktør Tomas Bruvik og nettansvarleg Mona Grønningen i korleis logga seg inn på kvinnheringen.no no når K+ blir lansert.

Kvinnheringen-abonnent Arvid Solbakken fekk instruksjon av redaktør Tomas Bruvik og nettansvarleg Mona Grønningen i korleis logga seg inn på kvinnheringen.no no når K+ blir lansert. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Arvid Solbakken (82) blei førre veke digital avislesar av Kvinnheringen, under god rettleiing av redaktør Tomas Bruvik og nettansvarleg Mona Grønningen.

DEL

Solbakken er ein ivrig avislesar, og les alt Bergens Tidene digitalt. Kvinnheringen har han til no mest lesen på papir, men i samband med at avisa går over til K+-produktet i morgon, onsdag, lét han seg instruera i korleis logga seg på dei ulike digitale kanalane.

– Frå onsdag 25. november vil vi tilby abonnentane våre, gamle som nye, K+. Då vil ein få tre produkt i eitt; papiravis, pdf-avis og oppdatert nettavis på kvinnheringen.no. Samstundes blir dei andre sakene på nettavisa lukka for ikkje-abonnentar. Desse sakene vil vera merka med K+, som betyr at ein må vera abonnent for å få lesa desse, forklarte Grønningen.

Ved hjelp av Solbakken sitt eige nettbrett syner Bruvik korleis han skal logga seg inn:
– Først går vi inn på nettavisa vår, www.kvinnheringen.no. Oppe til høgre må vi klikka på «Meny», og der finn vi ein knapp som heiter «Logg inn» med aID-logoen bak, forklarer Bruvik og klikkar på knappen.

Han held fram:
– Då kjem det fram ei ny side, med tittelen «Innlogging». Du har abonnement, Arvid, men du har ikkje ein slik aID-brukar. Derfor må vi velja «Lag ny brukar».

Innlogga

Bruvik og Solbakken fyller inn førenamn og etternamn, mobilnummeret til Solbakken, som abonnementet er knytt til, samt e-postadressa hans og fødselsdato. Dei må også huka av i boksen «Eg godtek brukarvilkåra».

I neste vindauga etter at ein har klikka på «Fortsett», kjem det opp informasjon om at ein kode er sendt på SMS til mobilnummeret dei har tasta inn.
– No må du opna SMS-en, og så må vi skriva inn koden her, fortel Bruvik, og Solbakken gjer det han får beskjed om.

Etter at det er gjort og Bruvik har klikka på «Fortsett»-knappen, må Arvid laga seg eit passord og skriva det inn. Etter det kan ein klikka på «Fortsett» ein siste gong, og så er Arvid logga inn. No kan han lesa alle «pluss»-sakene som berre er tilgjengeleg for abonnentar, og også lesa avisa digitalt som eAvis med pdf-sider frå klokka 22 kvelden før papirutgåva kjem i postkassa.

– Og hugs at du treng ikkje logga deg ut av abonnementet for kvar gong du har lesen avisa. Du kan trygt forbli innlogga, særleg om du brukar din eigen pc, nettbrett eller mobil, forklarer Grønningen.

Ho synar han òg korleis han kan gå inn på same menyen oppe i høgre hjørne og senda ein invitasjon til andre i husstanden om å dela abonnement.
– Dette verkar til å vera veldig greitt. Og får eg problem, tar eg berre kontakt med dykk, smiler Solbakken.

Han vil likevel forsikra seg om éin ting:
– Vi får vel framleis papiravisa i posten?
– Det gjer de sjølvsagt, forsikrar Bruvik.

Artikkeltags