Abonnerer du på Kvinnheringen? No kan du få lesa over 70 Amedia-aviser gratis

Ut april kan du få nyta tilgangen til lokalaviser i store delar av Norge gjennom abonnementet ditt på Kvinnheringen og ekstratilbodet vårt «+Alt».

DEL

I dagens situasjon med korona-krisa meiner Kvinnheringen det er rett og viktig at du får tilgang til så mykje nyhende som mogleg, og frå heile landet, slik at du kan halda deg oppdatert på det som skjer rundt deg og dei du bryr deg om.

Som abonnent har du i dag tilgang til alt innhaldet i di eiga avis Kvinnheringen, men no opnar vi også over 70 andre aviser og nettstadar for deg. Dette kan vi gjera fordi Kvinnheringen er del av mediekonsernet Amedia, som eig og gir ut aviser i heile Norge og som samla har over 900 journalistar som dagleg rapporterer om det som skjer.

Vi kallar tilgangen til alt innhald i våre aviser for +Alt. Og det beste? Det kostar ingenting ekstra for deg som abonnent på Kvinnheringen.

Tilbodet varer ut april, og du aktiverer det via ei lenke i ein e-post som er sendt ut til alle våre abonnentar.

Trykker du deg vidare frå e-posten, kjem du til Mi side, og det einaste du treng å gjera der, er å trykka på éin knapp.

Du kan lese mer om supertilgangen her. Her står alt om den midlertidige ordninga, samt ei oversikt over kva aviser du no har tilgang til.

Vi håpar du får nytte av tilbodet! Takk for at du les Kvinnheringen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags