Gå til sidens hovedinnhold

Åkra oppvekstsenter utnytta det flotte vintervêret

Åkra oppvekstsenter, både skulen og barnehagen, nytta dagane ute førre veke med både ski og aking.

Begge gruppene jobba med den samiske kulturen som tema i høve samefolket sin dag på laurdag. Skuleelevane såg filmen om sameguten Ante som bur på norsk internatskole. Barnehagen har jobba med sameflagget og symbolikken i fargane.

Torsdag inviterte barnehagen skulen til lavvo-besøk ute. Der laga barnehagen samiske flatbrød, gahkku. Til dessert triksa pedagogisk leiar i barnehagen, Gunnlaug Tjelmeland, fram soft-is laga ute med snø som ein viktig ingrediens.

Elevane nytta òg kroppsøvingstimane til ski-øving.

Kommentarer til denne saken