Dyktige revytalent i Åkra

Brynjar Berge fekk krem i fjeset av dei rampete klovnane, spela av Madeleine Berge (12) og Vanja Eikanger (12).

Brynjar Berge fekk krem i fjeset av dei rampete klovnane, spela av Madeleine Berge (12) og Vanja Eikanger (12).

Artikkelen er over 2 år gammel

Haustfesten til Solglimt 4H var ein underhaldande affære.

DEL

4H-året har nådd enden også i Åkra, og laurdag var dei 19 medlemane i Solglimt 4H samla til haustfest på skulen. Med var foreldre og søsken, for å få sjå eit glimt av kva ungane og ungdomane har jobba med dette året. I tillegg til ei flott utstilling av mange ulike prosjekt, blei årsoppgåvene synlege frå scena. Lisa Jonette Ølvestveit (15), Brynjar Berge (15) og Andreas Ølvestveit (17) har hatt revy som prosjekt dette året, og det har dei fått mykje ut av. Andreas som Kim Jung Un opna showet for kvelden og ønskte velkomen på sitt diktatoriske vis, til stor latter frå salen. Latter blei det òg då dei tre spela sketsjen Antikkgutta frå Underholdningsavdelinga på NRK, og det med ei imponerande dialektetterlikning og innleving. Eit mannskor med Brynjar i spissen var òg ein komisk affære.

To rampete og svært sjarmerande klovnar dukka jamleg opp på scena. Den eine gongen plasserte dei ein tallerken med tynnflytande kremfløte rett i fjeset på Brynjar, slik at han måtte gå og dusja etterpå. Klovnane blei spela av Madeleine Berge (12) og Vanja Eikanger (12). Nokre flinke unge jenter, dei yngste i klubben, hadde laga sin eigen dans som dei framførte.

Dei yngste jentene i klubben hadde laga ein kul dans som dei framførte.

Dei yngste jentene i klubben hadde laga ein kul dans som dei framførte.

Valde friluftsliv

Elles var det leikar og konkurransar som involverte publikum i salen, mellom anna skulle to lag konkurrera om å byggja det høgaste tårnet av saltstenger og bananar. Og tre par konkurrerte i å vera flinkast til å kjenna igjen partnaren sine leggar.

Heidi Mikalsen Vågen har vanskar med å halda seg stille medan karane kjenner på leggane hennar.

Heidi Mikalsen Vågen har vanskar med å halda seg stille medan karane kjenner på leggane hennar.

Hilde Lande Eikeland, som er klubbrådgjevar i Lauvsprett 4H, hadde blitt invitert for å dela ut årets 4H-merke til medlemane. Ho heldt òg ein flott tale om verdien av å vera med i 4H, og kom samstundes med eit like «spark» til politikarane sitt statsbudsjett for 2018, der det har blitt varsla kutt i støtteordningar for organisasjonar som jobbar innanfor mat og landbruk. Med ordninga vil 4H mista 7,1 millionar kroner i inntekter.

I tillegg til mykje god sceneunderhalding, kunne dei oppmøtte kosa seg med herlege matrettar og kaker, og mange nytta òg høvet til å sjå på dei ulike utstillingane. Agathe Ølvestveit (10) er med i 4H på andre året. Ho har hatt prosjekt om friluftsliv i år, og hadde stilt ut ulikt turutstyr.

– Eg valde friluftsliv fordi eg visste at vi skulle mykje på tur i sommar, og eg elskar å vera på tur! Vi har vore på Folgefonna, på kanotur på Telemarkskanalen, vi har vore i Blådalen og på Stord, for å nemna noko. Nokre gonger har vi overnatta i telt, og vi har laga mat på primus. Det har vore veldig kjekt og lærerikt, fortalde ho til Kvinnheringen.

Agathe Ølvestveit (10) har hatt friluftsliv som prosjekt dette året.

Agathe Ølvestveit (10) har hatt friluftsliv som prosjekt dette året.

Artikkeltags