Solglimt kåra til beste 4H-klubb i fylket

Her ser du f.v. Hjalmar Ølvestveit, Andreas Ølvestveit (fekk plaketten i 2018), Viar Vågen (leiar 2019), Lisa Jonetta Ølvestveit (leiar 2018), Vanja Eikanger og Agathe Ølvestveit som tok imot prisen på vegner av Solglimt 4H. (Foto: Privat).

Søndag blei Solglimt 4H i Åkra kåra til «Årets klubb 2018» av alle 4H-klubbane i fylket.

DEL

Fem medlemmar og to klubbrådgivarar frå Åkra var på årsmøte i Hordaland 4H i Knarvik i helga. Der blei Solglimt kåra til årets klubb i 2018. Det er mange klubbar i fylket, og knallhard konkurranse, men likevel stakk klubben frå Åkra med berre 12 medlemmar i fjor av med den gjeve tittelen. Solglimt fekk prisen for å ha god orden på økonomien, for å ha levert alle papir til rett tid, mange styremøte og kjekke medlemsmøte. Nokre av arrangementa dei laga til i fjor var blant anna eldretreff for pensjonistar, grautdag for heile bygda, skihelg til Hovden, fjelltur til Vikastølen og filmkveld med pizza – for å nemna noko.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags