Det er eit sørgjeleg syn som møter vegfarande som passerer Dauadjuvet i Åkra. Vik bru, som vart øydelagd for om lag to år sidan, har enno ikkje blitt vølt.

I valkampen lova nokre politikarar at dersom dei kom til makta, skulle brua vølast innan påske. Om ikkje skulle dei personleg koma og ordna opp.

– For om lag to år sidan, då det nye kraftverket skulle byggjast, kom det ein stor semi-trailar som skulle over brua. Fordi brua var for smal, reiv han med seg store delar av rekkverket. No er det berre provisorisk netting som er sett opp. Den kan ikkje hindra ein bil i å køyra i elva, seier Jostein Vågen i Åkra bygdelag.

Han tvilar på at denne brua er sertifisert for tungtrafikk og håpar bygda får ei breiare og meir sterkare bru dersom noko skal gjerast.

Øyvind Hardeland, arbeidskoordinator i Tekniske Tenester i Kvinnherad kommune, tykkjer det er gladnyhende at politikarane vil fiksa brua, men vågar ikkje å håpa på noko før budsjettet er lagt fram i desember.

Kommunen leiger eit firma, Safe control, som kontrollerer bruer og kaiar. Ifølgje deira rapport vil det løna seg å få ei ny bru til ein prislapp på om lag 1,5 millionar kroner.

Fleire dårlege bruer

Vik bru er nok den dårlegaste brua i Åkra, men i sentrum byrjar også Åkra bru å forfalla. Den ligg på fylkesvegen, og det er såleis vegvesenet som har ansvar for vedlikehaldet her. Melake Gebremichael, i Statens vegvesen fortel at denne brua står klar for reperasjon.

– Brua står på lista saman med 17 andre som skal fiksast i perioden frå no til 31. oktober 2016. Arbeidet har blitt lagt ut på anbod og dersom alt går etter planen skal vi skriva under på kontrakten i desse dagar, seier Gebremichael.

Og det er mykje som må vølast:

– Vi skal mellom anna setja inn ein ny membran og eit asfaltslitelag. På rekkverket skal vi skifta ut nokre korroderte røyr og setja opp ei føringsskinne slik at bilane ikkje treff rekkverket dersom dei køyrer for langt ut i sida av brua, seier Gebremichael.

Åkra bru har ikkje blitt klassifisert som ei hastesak, men dei som bur i Åkra kan forvissa seg om at den vert reparert innan kontrakten går ut i oktober til neste år.

– Nokre av dei 17 bruene var så dårlege at dei må reparerast alt no i år. Åkra bru var ikkje ein av dei, men det firmaet som skal reparera brua må uansett reparera brua før kontrakten deira går ut, seier Gebremichael.

Vidare fortel han at bebuarane i Åkra må belaga seg på stengd veg under reparasjonen av dekket.

– Det er vanskeleg å seia kor lenge vegen vert stengd, men det er vanleg at slike ting tek 3–4 veker. Ifølgje databasen vår har dei ein omkøyringsveg, seier Gebremichael.

Omkøyringsvegen er vegen som fører fordi Dauadjuvet. Vert Vik bru stengd, dersom kommunen ikkje har pengar til reparasjon, kan det gjera det vanskeleg for dei som bur på «feil» side av brua i denne perioden.