Opna nyrenovert kafé

NYOPNING: Opninga på Sjøbuo kafé i Åkra vart ein suksess. Her sit f.v. Else Miljeteig, Gunnlaug Hjelmeland, Gunnbjørg Kinn, Wenche Abrahamsen, Terje Miljeteig og Kjell Kinn. (Foto: Anne-Grethe Berge).

NYOPNING: Opninga på Sjøbuo kafé i Åkra vart ein suksess. Her sit f.v. Else Miljeteig, Gunnlaug Hjelmeland, Gunnbjørg Kinn, Wenche Abrahamsen, Terje Miljeteig og Kjell Kinn. (Foto: Anne-Grethe Berge).

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Sjøbuo kafé i Åkra hadde laurdag offisiell nyopning. Bygdelaget i Åkra, saman med frivillige, har pussa opp store delar av kafeen på dugnad.

DEL

Til no har eldsjelene lagt nytt golv, ordna nytt interiør og installert varmepumpe. Utekafeen har fått store gardiner ein kan trekkja ned for å få le for vinden. Malarar, snikkarar, elektrikarar og dugnadsarbeidarar har stått på for å gjera kafeen ferdig. Leiar i bygdelaget, Anne-Grethe Berge, er godt nøgd med resultatet og er imponert over innsatsen til dei frivillige. Alle som var med og hjelpte til med oppussinga fekk kaker og kaffi under opninga og ingen angra på timane dei hadde lagt ned i kafeen.

– Vi har berre fått positive tilbakemeldingar. Alle tykkjer det er fint og koseleg her no, seier Anne-Grethe.

Det å driva ein kafé med overskot i Åkra er, ifølgje bygdelagsleiaren, vanskeleg. Ho rosar alle frivillige og dei som har støtta oppussinga økonomisk.

– Hadde det ikkje vore for at alle i bygda stod saman, trur eg ikkje me ville fått det til. Huset får vi leiga gratis hos Oddrunn Berge og Tørres Wågen, som driv butikken i Åkra, og når vi har spurd har folk vore veldig hjelpsame og stilt opp, seier Anne-Grethe.

Oddrunn Berge er glad for å kunna samarbeida med bygdelaget om kafeen.

– Det er bra for bygda å ha eit samlingspunkt og eg merkar at bygdefolka er stolte over kafeen. Det at vi kan samarbeida for å få det til er berre hyggjeleg, seier Oddrunn.

Til no er det jungeltelegrafen som har reklamert for kafeen. Det håpar eldsjelene vil endre seg.

– Om sommaren er det mange som besøkjer kafeen, men om vinteren må vi prøva å bli betre på å gjera kjent at vi har den, seier Anne-Grethe.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags