Tiflyttar-verkstad i Åkra

Eli Janette Fosso kjem tilbake til Åkra på tilflyttar-«workshop» 30. de-sember. (Foto: Christel Bachmann Barbo).

Eli Janette Fosso kjem tilbake til Åkra på tilflyttar-«workshop» 30. de-sember. (Foto: Christel Bachmann Barbo).

Artikkelen er over 4 år gammel

30. desember blir det ny utviklingsverkstad med Eli Janette Fosso i regi av Åkra bygdelag.

DEL

Fosso har tidlegare jobba for Fylkesmannen med Liv & Lyst-prosjektet som Åkra var med på, no er ho tilsett i Fjell kommune og er prosjektleiar for byregionprogrammet der. I pinsen var ho i bygda for å ha ein tilflyttar-«workshop», som blei ein suksess. 30. desember er ho invitert tilbake til Åkra for å ha ein liknande workshop, og her blir fokuset: Skal me lykkast, må ting gjerast! Bygdelagsleiar Anne-Grethe Kjærstad Berge kallar det ein «framtidsverkstad».

– Vi må ha nokre slike «drypp» innimellom som handlar om tilflytting. Dagen vil bli todelt. Først skal vi jobba med gruppearbeid, der vi skal sjå på framtida til Åkra og kva vi kan gjera for å auka tilflyttinga til bygda. Då vil vi få fagstoff frå Fosso, som har god kunnskap om dette. På kvelden blir det middag med arrangement etterpå, mest sannsynleg ein quiz-kveld. Kanskje klarar vi å lokka med nokon politikarar på eit eige lag? seier Berge.

Ho håpar arrangementet trekk så mykje folk at dei må vera i gymsalen på skulen. Eit anna alternativ er å bruka Sjøbuo Kafé, men der er det berre plass til 40 personar vinterstid.

– Vi ønskjer påmelding, i alle fall til kveldsarrangementet. Det kan folk gjera via bygdelaget, seier Berge.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags