Vegen framleis stengt i Åkra – kommunen set opp skyssbåt

Slik såg vegen ut torsdag etter at steinane hadde rast ut.

Slik såg vegen ut torsdag etter at steinane hadde rast ut. Foto:

Etter eit ras gjekk i Åkra torsdag har vegvesenet enno ikkje fått fjerna steinmassane. – Det rasar berre meir ut når vi prøver å fjerna steinmassane i vegen, seier byggeleiar i Statens Vegvesen.

DEL

Torsdag gjekk det eit ras i Åkra som stengde vegen ut og inn av bygda. Det resulterte i at mjølkebøndene måtte kasta mjølka, og turistar kjem seg ikkje heim frå ferie. Laurdag føremiddag er raset enno ikkje fjerna, og det ser heller ikkje ut til at det blir det før til veka.

– Planen var å begynna å bora i steinen som hadde ramla ned i vegen, men då starta det å rasa ut meir stein frå berget grunna vibrasjonane frå boringa, seier byggeleiar i Statens Vegvesen, Åsmund Sekse.

Då det heller ikkje har vore lett for vegvesenet å få tak i ein geolog, har arbeidet måtta utsetjast.

– Geologen kjem på søndag, og då får vi vita kva vi skal gjera vidare, seier Sekse, som legg til at han ikkje veit om vegen vil bli opna før starten på neste veke.

– Eg forstår godt frustrasjonen folk har, men her har vi gjort det vi kunne. Vi bemanna kraftig opp i går for å få vegen fiksa, men vi må setja tryggleiken til arbeidarane først. Om vi hadde klart å opna vegen er det vårt ansvar viss det skjer noko meir, som at det kjem nye steinar ut i vegen. Det er ein sjanse vi ikkje vil ta, seier Sekse.

Set inn skyssbåt

Fungerande ordførar, Hans Inge Myrvold, fortel at kommunen vil leggja opp båtruter frå Åkra til Matre ferjekai frå søndag av. Det vil vera ein skyssbåt som kan ta opp til 12 personar om gangen, og vil korrespondera med ferjerutene frå Matre.

– Skal du frå Bergen til Åkra kan du og komma deg fram i løpet av kvelden. Rutene vil korrespondera med bussen som går frå Bergen og gjennom heile Kvinnherad, seier Myrvold.

Kommunen har òg varsla Helse Fonna i tilfelle det skal bli behov for rask medisinsk hjelp, slik at ambulansebåten ligg klar ved Sunde kai. Dei har og ein dialog med matbutikken i Åkra, og vil sikra at forsyningar kjem fram om noko skulle mangla.

– Det er ikkje ein god situasjon for verken åkrabuen eller kommunen. Vi hadde jo eit håp om at dei skulle få rydda vegbanen, men no får vi berre kryssa fingrane for at dei svara som kjem frå geologen er positive, og at arbeidet med å få fjerna raset kan starta snarleg, seier Myrvold.

Kaos og frustrasjon

Ein av dei som vert råka er Geir Inge Vågen, som driv turistverksemd i Åkra.

– Det har skapt enorme problem for oss. Turistar i fire av hyttene våre skulle reist tilbake i går kveld og i dag for å ta båten frå Kristiansand. No er dei fortvila då dei ikkje får brukt den billetten, seier Vågen som og ventar nye turistar i dag.

– Det er berre kaos og frustrasjon. Mesta har gjort ein kjempejobb, men det er synd at vegvesenet framleis ikkje har fått opna vegen, avsluttar Vågen.

Artikkeltags