Ikkje gule, men veldig kule

PÅSKEKYLLING?: Dei svarte kyllingar er kanskje ikkje det ein tenker er ein typisk påskekylling, men dei blir stadig meir å sjå rundt om kring i Norge. (Foto: Privat).

PÅSKEKYLLING?: Dei svarte kyllingar er kanskje ikkje det ein tenker er ein typisk påskekylling, men dei blir stadig meir å sjå rundt om kring i Norge. (Foto: Privat).

Svarte kyllingar har nettopp flytta inn på garden til Liv Øvstebø i Åkra. Nyleg var ho og henta dei kolsvarte kyllingane av rasen Ayam Cemani, som opphaveleg kjem frå Indonesia.

DEL

Du har kanskje sett kvite, brune, svarte eller spraglete høns, men kolsvarte høns frå topp til tå er kanskje noko nytt?

– Alt er svart! Kam, nebb, fjør, bein og til og med kjøtet er mørkare, seier Liv Øvstebø.

Ho synest dei var så stilige at ho reiste heilt til Stavanger-området for å henta heim tre kyllingar til garden i Åkra. I tillegg fekk ho med seg mange egg som no ligg i rugekassar. Målet er å få ein heil flokk med kolsvarte høns på garden.

– Det var nett som å gå inn i ei scene i filmen «Fuglene» av Hitchcock då eg var i Randaberg for å henta kyllingane. Det var nett så det ikkje var ekte at dei kunne vera så svarte. At desse ikkje er meir nytta i skrekkfilmar er uforståeleg, ler Liv.

Dei svarte kyllingane oppfører seg stort sett som andre hønserasar, og kaklar i veg som vanlege høns.

– Alle hønserasar har sine særtrekk, og desse verkar kanskje litt meir forsiktige. Men dei er aldeles sjarmerande.

Liv la tidlegare ut eit bilde på Instagram av det nye tilskotet på garden, og tilbakemeldingane så langt er at folk synest dei ser stilige ut.

– Dei er ikkje fullvaksne før om eit halvt års tid, og det er då ein verkeleg får sjå kor kule dei faktisk er, avsluttar ho.

KYLLINGAR: Her ser vi dei kolsvarte kyllingane saman med spraglete kyllingar av rasen Islandshøns. (Foto: Privat).

KYLLINGAR: Her ser vi dei kolsvarte kyllingane saman med spraglete kyllingar av rasen Islandshøns. (Foto: Privat).

Artikkeltags