Dette melder byggeleiar i Statens Vegvesen, Åsmund Sekse.

– Geologen var her på søndag, og kom med forslag til korleis vi skal løysa det, seier Sekse, som forklarer at det handlar om å sikra staden før dei kan begynna å fjerna steinmassane som stenger vegen.

Det er ei trugande blokk som heng igjen i fjellet etter at raset gjekk. No skal vegvesenet og Mesta bolta den fast, før dei set opp eit tryggleiksnett.

– Vi ventar på eit helikopter no som skal fly inn utstyr til oss slik at vi kan begynna på arbeidet, seier Sekse, som håpar at vegen då vil kunna opnast på torsdag.