Raset som gjekk i Åkra sist torsdag gav vegvesenet fleire utfordringar enn dei først hadde trudd. Også innbyggarar og turistar i Åkra har måtta smøra seg med tolmod, og gjera det beste ut av situasjonen. I dag, torsdag føremiddag, kunne byggeleiaren i Statens Vegvesen, Åsmund Sekse, endeleg komma med den gode beskjeden:
– No går arbeidet veldig bra. Eg antar at vi vil opna vegen klokka 18 i dag, seier Sekse.
At vegen blir opna akkurat klokka 18.00 er ikkje hundre prosent sikkert, men byggeleiaren lovar at det i alle fall vil skje i løpet av ettermiddagen eller kvelden.