Inviterer til det 29. Åkraløpet

Her frå starten i konkurranseklassen i Åkraløpet i fjor.  (Arkivfoto).

Her frå starten i konkurranseklassen i Åkraløpet i fjor. (Arkivfoto).

Pinseaftan, førstkommande laurdag, går Åkraløpet av stabelen igjen.

DEL

Åkraløpet er ein kjekk «happening» kvar pinse i regi av Matre Idrettslag, og deltakarrekorden er 235 personar i konkurranse- og trimklassen til saman. Løypa er på 3,2 kilometer og går rundt bygda, med start og mål ved Åkra skule. Etterpå blir det premieutdeling ved skulen. Der kan folk òg kjøpa seg noko å drikka og eta. Marit Årthun har løyperekorden for kvinner med tida 11.34, og den som vil slå løyperekorden i herreklassen må springa fortare enn Sindre Omvik si tid 9.56. Du kan melda deg på løpet på laurdagen ved startområdet.

Desse løpsjubilantane får premie om dei deltar i år:

25. gong:

Arnhild Vikane

20. gong:

Anne Lise Hillestad

Gunnbjørg Vågen

15. gong:

Edmund Berge

Johan Hillestad

Anita Furdal leiknes

Reidun Ringhus

Martha Tjelmeland

Karin Vågen

Lisa Jonette Ølvestveit

Stein Olav Ølvestveit

10. gong:

Liv Solfrid Berge

Ingar Søllesvik

Brit Torill Tveit

Oda Vågen

Same dagen blir det òg sandvolleyballturnering, der ein kan melda på lag med to-tre spelarar.

Pinseaftan blir det òg sandvolleyballturnering heile dagen. Her frå i fjor, då det var strålande vêr og full aktivitet på sandvolleyballbanen heile dagen. (Arkivfoto).

Pinseaftan blir det òg sandvolleyballturnering heile dagen. Her frå i fjor, då det var strålande vêr og full aktivitet på sandvolleyballbanen heile dagen. (Arkivfoto).

Artikkeltags