«Aksen – eit lite framtidsretta vedtak»

Av
DEL

MEININGARVedtaket om å kjøpe og ruste opp Aksen var ei elendig vurdering. Å forsvare eit slikt vedtak er endå verre. Det vitnar om dårleg hukommelse eller forsøk på manipulere fakta når ein forsvarer eit slikt vedtak ved å komme med direkte feilaktige opplysningar.

Saksdokumenta om nye kontorlokale på Husnes blei sendt ut til medlemmene i formannskapet seks timar før møtestart den 12. mai i 2016. Rådmannen hadde i si utgreiing vist at det ville vere langt billegare å byggja nytt enn å fikse opp eit gamalt bygg. Han bad formannskapet om å greia ut vidare, men det var ikkje noko H, Sp og V ønskja. Dei hadde før formannskapsmøtet saman signert eit forslag om å kjøpa Aksen. Utgreiing av alternativ var ikkje nødvendig når ein sum på rundt 100 millionar av våre skattepengar skulle brukast på eit gamalt og dårleg bygg. Uttrykk som «gjort i halvsvime», «utan utgreiing», «sprukke på tid og kostnader» er absolutt passande for å skildre prosessen.

Vi ser fram til at Aksen endeleg står ferdig og blir teken i bruk, men det er trasig å tenka på kva alternativ regionsenteret Husnes sentrum kunne hatt. Tenkt å hatt eit nytt bygg, tilpassa tenestene som skal ytast. I staden sit vi igjen med eit bygg der tenestene må tilpasse seg bygget. Som om det ikkje er nok, så ser det ut som bygget er for lite og ein ser seg om etter tilleggsareal til ein tilleggspris!

Det er berre å håpa at nokon har lært at det kan løne seg å vite konsekvensane av det ein vedtek, slik at dette ikkje gjentek seg. Diverre så ser det ikkje ut til at det er alle som ser alvoret i denne saka som har kosta oss innbyggjarar dyrt.

Hilde Enstad

Ordførarkandidat, Kvinnherad Arbeidarparti

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags