Vi spør Josef Schlezinger, som er huseigaren Storebrand sin mann på Husnes, kva som er gjort med bygget Aksen sidan lekkasjen.

– Alt som skal ut av lokalet av møblar og anna er fjerna, og lokalet står framleis og tørkar. I løpet av ikkje alt for lang tid vil brannalarmanlegg bli installert, sprinkelanlegget blir reparert og oppgradert, og så skal det jobbast med innreiing. Bygget skal rehabiliterast, det er det vi er dekt av forsikringa til å gjera.

Det er forsikringsselskapet som til no har hatt jobben med bygget, men når det er ferdig skal rehabiliteringsjobben ut på anbod. Forsikringsoppgjeret er ikkje heilt klart enno, men håpet er at det kan bli på pluss/minus 15 millionar kroner, grovt estimert. Schlezinger trur ikkje det blir noko regresskrav mot Kvinnherad kommune.

Betaler leige

Kvinnherad kommune betalar framleis leige for lokala dei brukte i Aksen, men rådmann Trond Sætereng seier kommunen ikkje ønskjer seg tilbake dit. Vaksenopplæringa deler no lokale med dei tilsette i Kulturskulesenteret.

– Per i dag er vi i dialog med huseigar om nye lokale, for vi vil ikkje tilbake i desse kontora. Tredje etasje i Aksen er tom, men er ikkje eigna til undervisningslokale for Vaksenopplæringa.

– Blir det ikkje feil å betala leige for lokale de ikkje nyttar? Kunne ikkje kommunen spart desse pengane?

– Det kan du seia, men vi betaler i samsvar med avtalen vi har. Huseigar har til dels funne nye lokale til våre tilsette, som NAV og Flyktningkontoret, men lokale til Vaksenopplæringa har vi løyst sjølv. Du kan gjerne kalla det «goodwill» frå vår side, men vi håpar å få igjen for det seinare på ein eller annan måte, slik at desse pengane kjem oss til gode. Eg vil nytta høvet til å skryta til oss sjølv og våre tilsette for måten vi har takla denne situasjonen på. Det er utfordrande, men vi har fått det til, seier Sætereng.

Schlezinger skryt også av kommunen:

– Aksen blei utsett for store skader, og huseigar mista plutseleg rundt 2.000 kvadratmeter med kontorlokale, så det er utfordrande å finna nye lokale til dei som heldt til der. Vi føler vi har funne greie avtalar, og håpar på ei avklaring i løpet av tredje kvartal, innan september eller oktober. Vi opplever at Kvinnherad kommune har stor forståing for situasjonen, som ikkje er ønskjeleg for nokon. Vi har ein god dialog med kommunen, men så har vi også sjølvsagt forståing for at ikkje alle synest løysingane vi har funne er ideelle på noverande tidspunkt.