«Det som vi vanlege òg undra oss over, er at då byggearbeidet var kome godt i gang, så oppdaga ein at det vert for liten plass til dei som skal flytta inn»

Av
DEL

MEININGARSvar til Ove Lemicka: I kvinnheringen på måndag tar Frp sin representant eit oppgjer med kritikarane i opposisjonen, og andre, i høve prosjektet Aksen. Det er mange av oss vanlege folk som òg har vore, og er, svært kritiske til dette prosjektet. Det er heilt uforståeleg at det skal vera billigare å kjøpa eit hus til mange millionar for deretter å «riva det ned», utvida og bygga det opp att. Eit tenestesenter klemt inn mellom butikksentera, med små moglegheiter for parkeringsplass, når vi samtidig veit at kommunen disponerer store tomteareal i det same området. Men dette vart for avsides, meinte politikarane. Det som vi vanlege òg undra oss over, er at då byggearbeidet var kome godt i gang, så oppdaga ein at det vert for liten plass til dei som skal flytta inn. Kor var behovsanalysen før avgjerslene var tekne?

Det som òg er nemnt i innleiinga var at posisjonen har vore plaga av ein anerkjent arkitekt som har vore kritisk til prosjektet. Og det er forståeleg – ein skal ikkje pirka borti dei som har makta. Like eins ein sakleg og informativ skribent som var nemnt i ein litt nedlatande tone, for han bur visst ikkje på rette plassen, slik eg forstod det.

No ventar vi i spenning på kva sluttsummen blir på, vi får heilt sikkert ikkje svar før etter valet. At det løftar regionsenteret tvilar eg på, men vi får håpa at den midlertidige brakkeriggen vert overflødig og dermed fjerna. Så får dei heller laga parkeringsplassen litt meir avsides.

Leif Thuland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags