«Det nye kommunehuset på Husnes som vert bygd i Aksen kjem til å verta eit flott løft for Husnes»

Av
DEL

MEININGARKjøpet av Aksen har segla opp som ei sak som kritikarane har hengt seg på. Fleire politiske parti har gjort dette prosjektet til si sak. Kritikarane er mange og dei kappast om å kritisera. Av politikarane er kanskje Gretha Rød den hyppigaste. Elles har Jostein Røstbø i den private tenketanken på Rauaberget lansert sitt eige kommuneprogram der han vil selja Aksen med tap for verkeleg å visa kor håplaust dette prosjektet er. Sist ute er Thor Inge Døssland som vil ha nye og mykje større lokale til vaksenopplæringa der han jobbar.

For det første: Det nye kommunehuset på Husnes som vert bygd i Aksen kjem til å verta eit flott løft for Husnes. Publikumsretta tenester for kommunen kjem til å bli tilgjengelege midt i sentrum. Det vert òg eit løft for Husnes å få denne bygningsmassen modernisert, og det vert billigare enn alternativa.

Kritikken har gått på at det er eit kjøp gjort i «halvsvime» og mot rådmannen si innstilling utan utgreiing. Prosjektet er håplaust, dårleg miljømessig, dyraste alternativet og har sprukke både på tid og kostnader, vert det hevda. Dette er ukorrekte påstandar og usanne argument, og folk blir forsøkt lurt til å tru at eit nybygg ville blitt billigare, at det skulle stått ferdig no og at det ville hatt nye, større lokale til alle kommunale einingar som ville inn. Det er rett og slett ikkje sant.

Om Kvinnherad kommune hadde satsa på eit nybygg til kommunehus på Husnes så er det urealistisk at spaden ville vore sett i jorda enno. Med alle funksjonane som er føreslegne inn i dette huset så ville bygginga blitt ganske krevjande. Det ville ikkje blitt noko meir miljøvenleg enn det som kjem av Tek 2017, akkurat som Aksen blir bygd etter. Og prisen per kvadratmeter ville heller ikkje blitt billigare. Det ville blitt mykje dyrare når alle som vil ha lokale hadde fått sitt.

Før sommaren vart det òg lansert eit forslag om å kjøpa Herskedal-bygget på Helland. Nok eit dårleg forslag til om lag 40 millionar. Kvinnherad kommune har mykje lokale rundt om som må utviklast og nyttast best mogleg. Alle funksjonar som ikkje treng vera i sentrum må ikkje leggjast der. Kommunedirektøren har i sommar fått oppgåva med å gjennomgå dei reelle behova som einingane i kommunen melder inn om nye arealbehov. Signala så langt er at alle dei behova som er kan stettast i den bygningsmassen kommunen rår over i dag. Vi må få klarlagt kva som er behov, og kva som er ynskje som baserer seg på ambisjonar for eiga verksemd. Vaksenopplæringa t.d. treng vel ikkje vera innanfor 500 meter i sentrum. Kanskje har dei heller ikkje det framtidige arealbehovet dei ynskjer? Flyktningstraumen og innflyttinga av utlendingar til Kvinnherad er i alle fall på eit svært lågt nivå frametter. Dette vil koma fram i dei vurderingane som no vert gjort og som politikarane får etter ferien.

I mellomtida, kvifor skal ei slik sak der eit fleirtal i kommunestyret etter vurdering har valt eit alternativ – som elles vanleg i Kvinnherad, forsøkast omgjerast fordi mindretalet ikkje vil akseptera fleirtalsvedtak? Ikkje ein gong kan ein venta til bygget er ferdig og prisen klar, før kritikken skal serverast. Det er ikkje rart at saker som er vanskelege, t.d. i vegspørsmål og kvar vegane våre skal gå, vert omkampar om – når enklare saker som at eit fleirtal i kommunestyret kjøper eit bygg – skal føra til stadige omkampar.

Ove Lemicka

Kvinnherad Frp

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags