Kvinnherad-bønder aksjonerte i Oslo

Frå venstre: Kjetil Mehl, Marit Mehl, Rannveig Hjelmeland, Samson Feedt, Ørjan Hjelmeland Øvstebø og Olav Gunnar Hjelmeland. (Foto: Kari Heggenes Kvammen.)

Frå venstre: Kjetil Mehl, Marit Mehl, Rannveig Hjelmeland, Samson Feedt, Ørjan Hjelmeland Øvstebø og Olav Gunnar Hjelmeland. (Foto: Kari Heggenes Kvammen.)

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Brotet i landbruksforhandlingane går ikkje upåakta hen. Seks Kvinnherad-bønder var tysdag føremiddag i Oslo og klare for å aksjonera i lag med fleire tusen andre bønder og sympatisørar no klokka 12.

– Vi hadde håpt på enno fleire, men sånn er det. No skal vi snart halda appell utanfor landbrukets hus, og så går turen til Stortinget for fleire appellar, fortel Kjetil Mehl,  bonde og nestleiar i Hordaland bondelag på telefon frå Oslo.

Han seier det er umogleg å ha ein konkret oversikt over kor mange som er med på demonstrasjonen, men tippar ein stad mellom 3000 og 5000 personar.

– Det er bønder frå heile landet, samt vener og sympatisørar av landbruket, så det er rimeleg mykje folk her. No skal vi markera oss, lovar Mehl.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags