Gå til sidens hovedinnhold

Alle landets vidaregående skular og ungdomsskular går over til raudt nivå. KVV-elevane skal derfor ikkje møta på skulen måndag

Regjeringa ber landets ungdomsskular og videregående skular følgja raudt tiltaksnivå i smittevernrettleiaren dei neste to vekene. Elevane på KVV skal ha heimeskule dei første dagane, i alle fall i morgon, måndag 4. januar.

– Bruk av raudt nivå i skulane i område med høgt smittenivå har vist seg å fungera godt for å begrensa smitte, og smittetala gjekk kraftig ned for 13- til 19-åringar i vekene etter at raudt nivå blei innført i delar av landet, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

Regjeringa ber også kommunar med høgt smittepress vurdera om dei skal gå over til raudt nivå også i barnehagar og barneskular.

Tiltaket gjeld i første omgang til 18. januar.

På Utdanningsdirektoratet sine nettsider kan du lesa meir om trafikklysmodellen, og kva raudt nivå fører til av tiltak.

Vestland fylkeskommune sendte søndag kveld ut melding til alle elevane på vidaregåande skular om at dei ikkje skal møta på skulen dei to første dagane. Kvinnherad vidaregåande skule la i tillegg ut følgjande melding på Facebook-sida si:

"Skulestarten etter nyttår vert ikkje heilt slik vi hadde tenkt. Regjeringa har sett inn nye koronatiltak. Det er bestemt at alle vidaregåande skular i landet skal over på raudt nivå frå og med måndag 4. januar. Vi treng nokre dagar for å leggja til rette for drift på raudt nivå. Det vert derfor heimeskule for alle elevane i morgon. Du som er elev skal såleis ikkje møta på skulen. Det er viktig at du er tilgjengeleg via pc-en og følgjer dei opplegga som lærarane dine legg opp til. Vi legg ut meir informasjon om korleis skuledagane for deg og klassen din blir dei neste fjorten dagane, i løpet av morgondagen."

Kommentarer til denne saken