Alle politiske møte er avlyst

Politisk sekretær Bente Høyland skriv i ei pressemelding at alle politiske møte framover blir avlyste. (Arkivfoto).

Politisk sekretær Bente Høyland skriv i ei pressemelding at alle politiske møte framover blir avlyste. (Arkivfoto).

DEL

I ei pressemelding frå politisk sektretær Bente Høyland i Kvinnherad kommune, står det at alle politiske møte framover blir avlyste.

– Ordføraren ber om at kommunestyrerepresentantane har forståing for at ein finn det naudsynt å avlysa alle politiske møte i denne uoversiktlege situasjonen vi er i med koronapandemien. Hovedfokuset no vert beredskapen i kommunen, skriv Høyland.

Beredskapsgruppa har møte kvar dag, og set i verk tiltak der det er naudsynt.

Det vert teke ei ny vurdering etter påske.

Artikkeltags