Med ein omsetnad på 1.757 millionar kroner gir dette ein resultatmargin på 40,4%, skriv selskapet i ei pressemelding.

Alsaker-konsernet dreiv i fjor fem smoltanlegg, 22 matfiskkonsesjonar og slakteriet Viking Fjord. Produksjonen skjer i 13 kommunar: Bømlo, Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

I 2016 produserte konsernet 32.500 tonn laks, mot 31.500 tonn året før. Produksjonsmessig var 2016 eit heller svakt år for konsernet, men volumet gjekk likevel litt opp samanlikna med 2015, medan slaktevolumet var stabilt. Det er framleis mykje tilveksttap i samband med avlusing av laks.

Ved utgangen av 2016 var det 232 fast tilsette i konsernet. I fjor brukte Alsaker-konsernet over 125 millionar kroner i utviklings- og innovasjonsprosjekt, heiter det i pressemeldinga.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgangen av året på 1,03 milliardar kroner, noko som gir ein eigenkapitaldel på 52%.