Det er organisasjonen Lederne som står for konferansen, som skal vera på hotell Scandic Maritim i Haugesund.
– Lederne arrangerte ein industrikonferanse på Husnes for nokre år sidan, men det er første gongen vi arrangerer ein rein aluminiumskonferanse, fortel Kjetil Bauge, som tidlegare var hovudtillitsvald for Lederne på Hydro Husnes, men som framleis sit i styret for avdeling Kvinnherad. Lederne har 46 medlemmer i ulike bedrifter i Kvinnherad, der Hydro og Palfinger er av dei største. På Hydro Husnes er 23 tilsette organisert i Lederne. Det er aluminiumsutvalet til Lederne som har jobba med denne konferansen. Utvalet består av tillitsvalde frå alle verka i Norge som Lederne har tillitsvalde i, både hos Alcoa og Hydro. Frå Hydro Husnes er det Kjell Magnar Eide og Bjørn Egil Haugland som sit i utvalet.
Viktig med engasjement
Konferansen har fått namnet «Norge: Bærekraftig vertskap for verdsleiande aluminiumsindustri». Målet er å synleggjera kor viktig aluminium er, korleis framtida ser ut, og utfordringane ein står overfor. Hydro sitt pilotprosjekt på Karmøy viser at ein kan dokumentera verdas lågaste utslepp i samband med aluminiumsproduksjon, og fleire av teknologi-elementa frå Karmøy skal implementerast når B-hallen skal gjenopnast på Husnes.
– Hydro meiner aluminium er ein del av det grøne skiftet. Verda treng meir aluminium, fordi metallet har eigenskapar som at det er lett og resirkulerbart. Det blir kalla «mirakel-metallet», og vi meiner produksjonen i Norge er verdas mest miljøvennlege fordi den er basert på vasskraft, seier fabrikksjef på Hydro Husnes, Johan Berg.
Han meiner konferansen er viktig både for å visa fram bransjen og kva moglegheiter som ligg i framtida, men òg for å poengtera at bransjen framleis er avhengig av føreseielege rammevilkår for å komma dit ein vil. – Vi trudde til dømes at nett-avgifta skulle vera føreseieleg framover, men så kom nye forslag til modellar som gjer at konkurransekrafta vår blir betydeleg svekka, seier Berg.
– Slike endringar gjer utslag, og påverkar investeringa til eigarane. I Kvinnherad er Hydro det store «lokomotivet», og ei betydeleg hjørnesteinsbedrift. At politikarar og andre forstår kva utfordringar vi står overfor, er ikkje sjølvsagt, så vi må driva litt «vaksenopplæring». Vi må òg sørgja for at flest mogleg engasjerer seg for å påverka stortingspolitikarane som skal vera med på å setja desse rammevilkåra, legg Kjell Magnar Eide til.
– Vi er veldig glade for at toppleiinga i Hydro og Alcoa støttar oss og er til stades på konferansen. Det er også Bellona og Sintef, sentrale politikarar og andre viktige samarbeidspartnarar. Vi håpar og trur det blir ein innhaldsrik og spennande konferanse som fleire kan ha nytte av, seier Bauge.
Lederne jobbar jamt og trutt med «opplysningsarbeid» og lobbyisme opp mot stortingspolitikarane. I 2015 hadde representantar frå aluminiumsutvalet møte med Arbeidarpartiet sine representantar i Finanskomiteen, om rekruttering, kompetanse, rammevilkår form av mellom anna høge kraftprisar, CO2-kompensasjon, Statkraft si rolle, kablar til utlandet og ENOVA. Lederne har også skrive fleire høyringssvar og uttalar.
– Lederne og fagforeiningane generelt jobbar aktivt for å belysa utfordringane våre, og det er veldig bra, rosar Berg.
Dei som ønskjer å melda seg på konferansen og sjå programmet, kan gå inn på nettsida lederne.no.