- Vi er heilt overvelda

DEL

Berre éin månad etter at innsamlingsaksjonen til hjartekompresjonsmaskinar i Kvinnherad starta, vart den avslutta. Ved ambulansestasjonen vil dei takka alle gode gjevarar.

Kvinnheringen skreiv i midten av november at dei ved ambulansestasjonen i Kvinnherad starta ei innsamlingsaksjon til ein livreddande hjartekompresjonsmaskin. Målet var i første omgang éin maskin, som dei håpa å få til ein av bilane. I byrjinga av desember kom den store gåva på 350.000 kroner frå Sparebank 1-stiftinga. Men det er absolutt ikkje den einaste gåva som er komen inn. Heile 198.000 kroner er òg samla inn av privatpersonar, lag og bedrifter.

Magny P. Bratsberg i ambulansetenesta er overvelda over den gjevargleda som er i Kvinnherad.

– Vi er i mål økonomisk sett, og vi får ikkje berre éin, men no får vi tre maskiner, ein i kvar bil og ein på ambulansebåten. Det er fantastisk, og det har sjølvsagt gått langt over forventing, seier Bratsberg.

Ho kan fortelja at det er mange privatpersonar som har gitt, og ved ambulansestasjonen har dei fått mykje ros for initiativet.

– Dette er noko folk ser nytte i, og det er jo ikkje anna enn rørande når ei ungjente på Halsnøy sjølv tek initiativet og sel armband og slikt til inntekt for maskinen.

Petter Nernes ved ambulansetenesta seier at det vil ta litt tid før maskinen kjem på plass. Dei vert laga i Tyskland og målet er å ha dei ferdigmonterte og klare til bruk i første kvartal 2019.

På ambulansestasjonen klarar dei ikkje gje nok ros til alle som har gitt. Gåva vil føra til at fleire liv vert redda i Kvinnherad, og det er fantastisk.

Når maskinane er komne på plass ønskjer dei å ha ein open dag på ambulansestasjonen der dei vil visa fram utstyret og korleis det blir brukt.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags