God å ha når livet står på spel

HJARTEKOMPRESJON: Slik ser den ønskte maskinen ut. Her er den i gang med hjartekompresjon på ei dokke.

HJARTEKOMPRESJON: Slik ser den ønskte maskinen ut. Her er den i gang med hjartekompresjon på ei dokke. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Straks startar innsamlingsaksjonen som skal gi pengar til ein livreddande hjartekompresjonsmaskin.

DEL

Det er Velferdslaget Kvinnherad Ambulanse som har bretta opp ermane for å skaffa pengar til hjartekompresjonsmaskin. Slikt utstyr har aldri vore i tenesta før, men fleire av dei andre ambulansestasjonane til Helse Fonna har klart å skaffa pengar til slike. 176.000 kroner er prisen. Då trengst det støtte frå næringslivet og andre for å klara det.

– Kva er forskjellen på ein hjartekompresjonsmaskin og ein hjartestartar?

– Begge skal berre brukast i situasjonar der pasienten har fått hjartestans. Ein startar gir hjarta det nødvendige sjokket, medan kompresjonsmaskinen utfører sjølve hjartekompresjonen, fortel Magny P. Bratsberg og Petter Nernes.

Dei fortel at å utføra hjartekompresjon med rett tempo og kraft er eit tungt arbeid som personar ikkje klarer å halda på med i meir enn tre minutt om gangen. Då må andre ta over. Maskinen har ein batterikapasitet til å halda det gåande i 90 minutt utan stans.

– Maskinen vil gjera jobben vår lettare og frigi tid til andre nødvendige oppgåver som går føre seg parallelt i ein livredningssituasjon. Men ikkje minst vil vi kunna redda fleire liv med den, fortel eldsjelene bak aksjonen.

Kvart år har ambulansetenesta i Kvinnherad 2.000 utrykkingar. 12 av desse gjeld hjartestans.

Ambulansetenesta håpar bedrifter og andre med pengar ser den store nytteverdien i å ha ein hjartekompresjonsmaskin i eigen kommune, og trør til med gåver. I dei næraste dagane vil ei rekkje bedrifter få brev om aksjonen frå Velferdslaget Kvinnherad ambulansestasjon.

– Vi blir veldig glade for alle gåver – uansett storleik!

TOMMELEN OPP: Denne gjengen er sikre på at ein hjartekompresjonsmaskin vil gjera livredning lettare å klara. F.v.: Magny P. Bratsberg, Åslaug D. Bjørnevik, Atle Holm og Petter Nernes.

TOMMELEN OPP: Denne gjengen er sikre på at ein hjartekompresjonsmaskin vil gjera livredning lettare å klara. F.v.: Magny P. Bratsberg, Åslaug D. Bjørnevik, Atle Holm og Petter Nernes. Foto:




Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken