Kvinnherad skyttarlag arrangerte Rosendalsfelten 25. og 26. mars. Etne-skyttar Even Øyjord Rødne skaut seg til topps i klassen 2-5, V55 og eldre junio med 30 treff. Bak Rødne var det ni skyttarar som leverte 29 treff, blant dei Andreas Hus Hansen frå Kvinnherad skyttarlag.

Med det vart talet på innertiarar avgjerande for plasseringane. Håvard Sørheim frå Stord hadde 20 innertiarar, og stakk av med 2. plassen. Medan Andreas Hus Hansen vart nummer tre med 19 innertiarar.

I klassen V65 var det Trygve Djuvsland frå Vareld skyttarlag som skaut best av dei lokale. Men sjølv om han varta opp med 30 treff, måtte han ta til takke med ein 3. plass med færre innertiarar.

Sjå klassevis resultatliste under: