Kyrkjeljos til trettande dag jul

KVELDSLJOS: Ænes kyrkje er ei av kyrkjene i kommunen som har ekstra ljossetting no rundt jul.

KVELDSLJOS: Ænes kyrkje er ei av kyrkjene i kommunen som har ekstra ljossetting no rundt jul.

Ved nokre av kyrkjene i kommunen har det vorte ein tradisjon med ekstra ljos rundt julehøgtida.

DEL

Ikkje alle kyrkjene har denne ekstra ljossettinga, fordi det også er eit økonomisk spørsmål. Det er dei enkelte sokneråda som avgjer dette.

Det er Uskedalen, Varaldsøy, Hatlestrand, Ølve, Ænes, Fjelberg og Kvinnherad kyrkje som har slik ljossetting i år. Ljosa kjem på fyrste sundag i advent, og er tende til trettande dag jul.

Artikkeltags