«Antibiotikaresistens – vår tids største trussel»

Av
DEL

MEININGAR Visste du at det finst ein pandemi som er skumlare enn korona? Viss vi ikkje gjer meir for å stoppa utviklinga av antibiotikaresistens, vil langt fleire liv kunna gå tapt – enn av kreft og korona til saman.

Koronaviruset har vore ein augeopnar. Tenk at eit så lite virus kan råka eit samfunn, ei heil verd. Så dramatisk og så lenge. «Det kan då ikkje bli verre enn dette», seier mange. Jo, det kan det. Antibiotikaresistens er koronaviruset sin farlegare storebror.

Antibiotikaresistens er også ein pandemi, som snik seg innpå oss som ein godt kamuflert fiende. På verdsbasis kan 10 millionar menneske døy om 30 år viss vi ikkje klarer å bremsa utviklinga. Heldigvis er det ikkje for seint å prøva.

For snart 100 år siden blei vidundermedisinen antibiotika oppdaga. Den skotske mikrobiologen Alexander Fleming forska på dei farlege bakteriane stafylokokkar då han plutseleg fekk muggsopp oppi ei av forsøks-skålene. Til si store overrasking såg han at bakteriane slutta å veksa, medan muggsoppen blei større og drepte bakteriane.

Etter Fleming si oppdaging blei det utvikla mange typar antibiotika av forskarar rundt omkring i verda. Storheitstida for antibiotikautvikling var på 1940-talet. I 1945 fikk Fleming og to kollegaer nobelprisen for oppdaginga av penicillinet og den helbredande effekten den hadde på ulike infeksjonssjukdommar. Uten antibiotika hadde endå fleire mista livet under andre verdskrig.

I dag står vi i fare for å mista det mest dyrebare våpenet vi har. Antibiotika har dei siste tiåra blitt brukt i for stor grad, og ofte unødvendig. Det har ført til at bakteriane har begynt å utvikla sitt eige forsvar. Vi kallar det antibiotikaresistens. Bakteriane blir motstandsdyktige mot antibiotika, og vidundermedisinen sluttar å virka.

For hundre år sidan døydde nesten alle som fekk kreft. I dag overlever tre av fire, men for mange av desse er antibiotika ein heilt avgjerande del av behandlinga. Under moderne kreftbehandling blir immunforsvaret ofte så svekka at pasientane får ei rekkje infeksjonar. Dette tar antibiotika heldigvis knekken på i dag. Mistar vi dette våpenet, vil kreftpasientar i framtida kunna døy av ein halsbetennelse. Friske folk kan også døy viss ei flis i fingeren fører til ein infeksjon, eller ei enkel forkjøling blir til lungebetennelse.

Det er ikkje for seint å stansa utviklinga av motstandsdyktige bakteriar. Men då må kampen mot dei intensiverast no. Det har skjedd for lite på forskingsfronten siden antibiotikaen sin gullalder på 50-talet. Vi treng nye antibiotika-produkt, og vi må utvikla heilt nye medisinar som erstatning. I mellomtida må vi sørga for at den antibiotikaen som i dag framleis er effektiv, ikkje sluttar å virka. Der kan vi alle bidra. Vi har blitt verdsmeistrar i å vaska hendene det siste halvåret. Det må vi berre fortsetja med. Hindrar vi smitte, treng vi heller ikkje behandling. Vi må stola på legen si vurdering. Vi må bruka antibiotika berre når det er rett og nødvendig.

Kvart år får nærmare 35.000 nordmenn kreft. Som Kreftforeningen er det vår etiske plikt å gi denne debatten eit ansikt. Mistar vi antibiotikaen, kan det setja moderne kreftbehandling fleire tiår tilbake. Vi kan ikkje sitja stille og la dette skje framfor augo våre. Krisa er no, ikkje om hundre år.


Geir Vangsnes

distriktssjef i Kreftforeningen Vestland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken