Gå til sidens hovedinnhold

Telefontrøbbel på apoteket

Artikkelen er over 5 år gammel

Det vart rapportert om problem med å koma gjennom på telefon til Husnes apotek på tirsdag.

Ein innringar fekk beskjed om at operatøren var opptatt og at det var stor trafikk, korpå dei vart bedne om å venta. Fleire opplevde så at samtalen vart avbroten. Ola Matti Mathisen seier han ringte 20 gonger i løpet av to timar, utan å komma gjennom. På Facebook vart det også posta innlegg frå folk som ikkje nådde apoteket per telefon i går. Dette skapte uro for nokre av dei som hadde trong for medisinar.

Apoteket sjølv seier dei hadde it-problem på tirsdag, men at it-service vart kontakta at det vart retta opp i vanskane seinare på dagen.

Kommentarer til denne saken