Arbeidsløysa går ned

Artikkelen er over 2 år gammel

218 personar vart registrerte som heilt utan arbeid i Kvinnherad i mars.

DEL

Det utgjer 3,2 prosent av arbeidsstyrken, og er 105 færre ledige enn i mars i fjor. Arbeidsløysa har generelt gått ned i Hordaland i forhold til same tid i fjor. 305 færre er ledige no i fylket enn i mars 2016. I ei pressemelding uttalar fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes, at teikna i marknaden har vore positive ei stund, og at det er gledeleg å sjå at Hordaland føyer seg inn i rekka av fylke der arbeidsløysa går ned.

– Vi registrerar òg at behaldninga av arbeidssøkarar er minkande og at tilstrømminga ligg på eit stabilt nivå. Særskilt hyggeleg er det å sjå at fleire ingeniørar og arbeidssøkarar med bakgrunn frå industri har kome seg attende i arbeidslivet i løpet av den siste månaden, seier Bogsnes.

Ho legg til at også talet oppseiingar går ned.

– Det at verksemder permitterer i staden for å seie opp dei tilsette tydar på at dei er meir optimistiske med tanke på framtida, uttalar ho i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags