Arbeidsløysa opp med ein

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 3 år gammel

Grunna påske er tala for arbeidsledige i mars kome tidleg, så langt syner tala at arbeidsløysa har gått opp med ein person frå februar, til 323 i Kvinnherad.

DEL

Totalt er 5,2 prosent av arbeidsstyren i Kvinnherad utan arbeid, noko som er nest mest i Sunnhordland. Av dei som ikkje har jobb er det 82 kvinner og 242 menn.

I ei pressemelding frå NAV heiter det at arbeidsløysa i Sunnhordland framleis held seg høg, det er ein auke i mars med 610 i høve til mars 2015. I høve til februar 2016 er det ein nedgang på ni. Det er venta at arbeidsløysa vil halda seg høg framover då det framleis kjem inn nye permitteringsvarsel.

Me må tilbake til januar 1996 for å finna tilsvarande arbeidsløyse, heiter det i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags