Are Uppheim har jobba i politiet i 21 år: – Eg har aldri opplevd noko som liknar på dette

Politiet har ei definert, samfunnskritisk rolle i korona-krisa. Beredskapen skal oppretthaldast, og politiet har i tillegg ansvar for å handheva restriksjonane og forboda frå regjeringa. Som kjent kan ein få 20.000 kroner i bot for å bryta karantenereglane.