Rosendal Fjelltrim sende denne veka ut pressemelding om deltakinga i årets utgåve som var den 44. på rad. 82 fjellfantar gjennomførte ved å registrera toppane Skaalafjell, Skeisfjell, Malmangernuten, Nordlifjell og Melderskin.

Og ifølgje Rosendal Fjelltrim sine annalar er det berre Kåre Haugse, Magne Hus, Erling Bøhn og Morten Nygård som kan skilta med 44 gjennomførte fjelltrimmar.

Ungstuten (i denne forsamlinga) Morten Nygård var berre ti år då han deltok det aller første fjelltrimåret 1979.

44 år seinare er fjelltrimmen lett modernisert i registreringa:

«Dette året har vi innført Postkassetrimmen i tillegg til dei fine klippekorta vi har hatt tidlegare. Tidene har forandra seg på 44 år, og Rosendal Fjelltrim må vera med på endringane», skriv ansvarleg for Rosendal Fjelltrim, Laila Hovland, i pressemeldinga.

Postkassetrimmen har hatt digital registrering, og arrangørane merkar at etter pandemien er det mange som føretrekkjer den digitale løysinga. Neste år vil Rosendal Fjelltrim føregå digitalt via Postkassetrimmen.

Men korleis ein enn registrerer seg er det mange høgdemeter som må forserast.

«Vi ser i år som tidlegare at det er mange som startar på fjelltrimmen, men ikkje klarar å fullføra. Fleire av turmåla er svært krevjande», oppsummerer Hovland.

Tabellen under viser notering i bøkene dei siste fire åra:

År

Skaalafj. 501 moh.

Skeisfj. 1037 moh.

Malmangern. 890 moh.

Nordlifjell 972 moh.

Melderskin 1426 moh.

Samla

Fullført 5 toppar

2019

6672

160

2763

474

1937

12006

112

2020

6672

160

1892

260

1380

7261

105

2021

3234

224

2070

309

1734

7571

93

2022

2869

177

1496

263

923

5728

82

Blant dei 82 som fullførte Rosendal Fjelltrim 2022 vart det trekt ut tre heldige vinnarar av gåvekort à kroner 1.000 på Sport 1. Dei tre sprekingane er Berit Skjelnes Vågen, Geir Eidsvik og Roar Kråkenes.