Kvinnherad Spelemannslag starta i 1977, og skifta seinare namn til Kvinnherad folkemusikklag. Arne Draugsvoll var med heilt frå starten, og vore musikalsk leiar i mange år, opplyser Karin Thauland i folkemusikklaget.

Draugsvoll kom frå Granvin, og hadde ein far som spelte. Har har spelt sidan han var ung, og tok hardingfela med til Kvinnherad der han fekk jobb i skogreisinga. Tidlegare har han spelt gitar og trekkspel i gruppa det Ciderboys i Hardanger. Han har òg spelt i mange bryllaup og andre tilstellingar. Han spelar òg slåttespel, noko dei andre i laget ikkje heilt har draget på.

– Arne har lært oss mange dansesslåttar frå fjorden, og er ei utømmelig kjelde av slåttar og melodiar og ikkje minst mange historier frå hardingfelemiljøet som han har krydra mange øvingar med. Ein god musikant som er svært tolmodig med oss andre, og som har godt humør. For nokre år sidan arrangerte laget ein folkemusikkveld i Grendahuset i Herøysund i lag med Røysterett for alle. Arne var primus motor for arrangementet. Arne vert 80 år den 5. november, og vi ønskjer Arne velkomen som æresmedlem i Kvinnherad folkemusikklag, skriv Thauland.

Her er elles litt historikk om laget:

Først var det bare hardingfeler og gitar. I 1996 kom det trekkspel, og seinare vart det ein kontrabass og toradarar med. Det har vore medlemmar med frå Skare, Ølve, Utåker, Mauranger, Valen og Rosendal. Kvinnherad folkemusikklag har delteke på Blømingsfestivalen i Kinsarvik i fleire år. Laget har òg vore med på fleire landskappleikar der medlemmane har spelt til dans (ikkje til konkurranse). Det er òg ein kvedar med i laget: Kari Malmanger har gjort det godt på fleire kappleiker.

Laget har elles halde koken i alle år sidan oppstarten, med unnatak av eit korona-opphald. No er det Øyvind Hardeland som er leiar i folkemusikklaget.