«Skyss meg i revo»
Stuntpoet Arne Torget er oppteken av det som skjer i kommunen, og han har sjølvsagt skrive dikt om billettvanskane. Det har han lagt ut på Facebook, og over 800 personar har likt diktet som er som følgjer:
SKYSS MEG I REVO
I Sunnhordland går det båtar i ett
Men det er ikkje lett å løysa billett
Før var alt stelt og i stand
Og me løyste billett i luka på land.
Så kom anbud og påbud og heile driten
Fortenestemarginen vart altfor liten
Vekk med service og billettkontor
Inn med kaos og kø om bord.
Og for å verkeleg få oss i godt humør
Har Skyss toppa det heile med billettkontrollør
Der du får billetten etterpå og bota før
– er det løye me vil ha bruer, eg berre spør?
Arne 51 år. Ikkje hopp over bord før du har løyst billett!
Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!