I oktober i fjor kjøpte Åshild Lygre og sambuaren Gaute Hjelmeland hytte på Halsnøy etter å ha vore på aktiv leit i om lag eitt år.

I søken etter den perfekte hytta, la dei bak seg tallause visningar, og i mars 2020 skjønte dei snart at det blei fleire om beinet.

– Etter at korona kom blei det eit kraftig prishopp i marknaden, og det var plutseleg mange som var på jakt etter ein fritidsbustad.

Fleire av eigedommane dei hadde sett tidlegare var oppussingsobjekt, noko den travle småbarnsfamilien ikkje heilt kunne tenkja seg.

Dessutan måtte hytta ha sjøutsikt.

– Sjøutsikt er viktig for Halsnøybuen, ler Åshild, og legg til:

– Når denne hytta kom for sal var det akkurat det vi hadde leita etter så lenge. Vi måtte rett og slett berre slå til, trass i at vi visste det var seljar sin marknad på det tidspunktet. Den hadde alt vi kunne tenkja oss; tre soverom, to bad, ei open planløysing med stove og kjøken i eitt, ein ekstra hems som blir ein kjekk leikestad for Mathias med tida, og så var den akkurat passe stor.


Det skada heller ikkje at det var gåavstand til alt den vesle landsbyen har å by på, at det var ein stor og god hage for vesleguten på snart to å leika i, og ei kjekk utestove med grei utsikt utover Søbøvika. Familien enda med å betala 3.230.000 kroner for den nye ferieperla si i Sæbøvik sentrum.

– Det var fleire som var interesserte, men til slutt blei vi dei heldige som fekk hytta, smiler Åshild.

Nærmare familie og venner

Å ha hytte i heimkommunen har fleire fordelar, ifølgje Åshild. At valet falt på Halsnøy, var heller ikkje så unaturleg.

– Ettersom eg vaks opp i Ørevika på Halsnøy og har mykje venner og familie her, var det valet ganske enkelt. Vi er her mykje, og vi sakna å ha vårt eige. I tillegg er det heilt topp å ha eit krypinn ein liten time frå heimen. Vi satsar på at vi får brukt hytta mykje no på våren og sommaren. Det ser vi veldig fram til, smiler Åshild.


I tida som kjem vil også familien på tre prøva å setja sitt eige preg på hytta.

– Heldigvis er det ikkje så mykje vi treng å gjera, når det attpåtil følgde med ein del møblar, kvitevarer, samt trampoline og «reilestativ» i hagen, som Mathias kan leika i. Men vi planlegg å få inn litt fleire møblar, mala litt og gjera det klart til sommar rundt omkring, fortel Halsnøybuen.

Unge hyttekjøparar

Tal frå Prognosesenteret viser at i 2014 var gjennomsnittsalderen for eigarar av nye fritidsbustader 51 år. I 2018 var snittet nede på 49.

Åshild og Gaute kan dermed trygt definerast som unge hyttekjøparar.

Sjølv er ho sjukepleiar og jobbar på sjukeheimen i Rosendal. Gaute, som ikkje er til stades under dette intervjuet, jobbar i Veidekke, og har turnusordning. I tillegg driv han sitt eige entreprenørfirma når han er heime.

Vi spør Åshild om dei beste tipsa ho kan gi andre unge, som ønskjer å koma seg inn på hyttemarknaden.

– For min del har det vore mykje bevisst sparing, både i fond og på BSU-en. Er ein to eller fleire om kjøpet blir det òg langt enklare.

Innflyttingsfest

Framleis det er mange av dei nærmaste som enno ikkje har fått sett hytta, grunna korona.

– Vi gler oss veldig til vi kan invitera folk på innflyttingsfest. I mellomtida får vi bruka tida på å gjera den om til vår eigen. Til no har det vore så mykje anna vi har måtta prioritera, men det blir kjekt å få ta den skikkeleg i bruk, smiler Åshild.